Norsk og matematikk er dei største faga i grunnskolen. Dei utgjer til saman nesten 40 prosent av det totale timetalet, som er 5272 timar i løpet av barnetrinnet og 2622 timar i løpet av ungdomstrinnet. Etter desse er kroppsøving og samfunnsfag dei største faga.
Timetalet auka med 38 timar i skoleåret 2016-17. Dei ekstra timane er i naturfag.
Undervisningstimetalet har auka dei siste ti åra
I løpet av dei siste ti åra auka Noreg timetalet ved fleire høve, og i 2016 ligg Noreg over OECD-snittet (OECD 2016). I 2006 låg Noreg godt under det gjennomsnittlege talet på undervisningstimar i OECD.
Noreg bruker meir tid på lesing, skriving, matematikk og naturfag enn OECD-gjennomsnittet
Dei fleste landa i OECD bruker om lag halvparten av det totale timetalet på barnetrinnet til faggruppene lesing, skriving og litteratur, matematikk og naturvitskaplege fag. Fordi talet på undervisningstimar varierer, er det store skilnader i undervisningsomfanget. Norske elevar får 2626 timar til saman i faggruppene lesing, skriving og litteratur, matematikk og naturvitskaplege fag, noko som er over OECD-snittet.
Noreg bruker 427 timar på faggruppa religion, etikk og moral på barnetrinnet, som er meir enn dobbelt så mykje som snittet i OECD. Berre Israel og Irland har fleire timar enn Noreg i denne faggruppa.
Figur 2.4 Fag- og timefordeling i grunnskolen. Skoleåret 2016-17. Timar i løpet av skoleløpet.
*Kristendom, religion, livssyn og etikk
**Framandspråk, språkleg fordjuping eller arbeidslivsfag
Kjelde: Utdanningsdirektoratet