3.7 Vaksne i vidaregåande opplæring

Hausten 2013 var det 16 200 vaksne som fekk opplæring i vidaregåande skule, og 11 000 vaksne lærlingar.

Nord-Trøndelag og Oppland har flest vaksne i vidaregåande opplæring

Talet på vaksne i vidaregåande opplæring varierer veldig mellom fylka. For å kunne samanlikne omfanget av vaksenopplæringa mellom fylka, må vi sjå kor mange vaksne deltakarar kvart fylke har i forhold til den totale folkemengda. Figur 2 viser kor stor del vaksne deltakarar utgjer av det samla talet på elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring i fylket. Nasjonalt svarar talet på vaksne som får vidaregåande opplæring til 11 prosent av elevane og lærlingane i vidaregåande opplæring. Det er dermed éin vaksen i vidaregåande opplæring for kvar tiande elev eller lærling i vidaregåande opplæring. Denne delen varierer betydeleg mellom fylka.

Nord-Trøndelag, Oppland og Finnmark har relativt sett flest vaksne i vidaregåande opplæring, med høvesvis 21, 17 og 14 prosent. Oppland har relativt mange vaksne i opplæring i skule, medan Nord-Trøndelag både har ein stor del vaksne i skule og ein stor del vaksne lærlingar. Akershus, Møre og Romsdal og Østfold er dei tre fylka med relativt sett færrast vaksne i vidaregåande opplæring. I Møre og Romsdal utgjer talet på vaksne med opplæring i skule berre 2 prosent av talet på elevar og lærlingar i fylket, samanlikna med heile 14 prosent i Nord-Trøndelag.

Vaksne i vidaregåande

Vaksne som har fullført grunnskulen, men ikkje vidaregåande opplæring, har rett til gratis vidaregåande opplæring. Denne retten gjeld frå og med det året den vaksne fyller 25 år.

Vaksenopplæringa bidreg til at fleire fullfører vidaregåande opplæring med vitnemål, fagbrev eller sveinebrev. I vidaregåande får vaksne enten opplæring i skulen, eller som lærlingar i bedrift.

Vaksne i skulen er eldre enn vaksne lærlingar

Gjennomsnittsalderen for ein vaksen som får opplæring i skule er 33 år, medan ein vaksen lærling i snitt er 21 år. 61 prosent av vaksne lærlingar er under 25 år, og berre 4 prosent er over 40 år. Til samanlikning er 10 prosent av dei vaksne i skule under 25 år, og 25 prosent er over 40 år.

Mange av de eldre vaksne tek helse- og oppvekstfag

Det er også aldersskilnadar mellom dei ulike utdanningsprogramma. Gjennomsnittsalderen til dei vaksne som tek påbygging til generell studiekompetanse er 30 år, medan gjennomsnittsalderen til dei vaksne som tek helse- og oppvekstfag er 35 år. Halvparten av dei 2800 vaksne i skulen som er 25 år eller yngre, tek påbygging. Til samanlikning tek halvparten av dei 3800 vaksne i skulen som er 40 år eller eldre, helse- og oppvekstfag.

Det er mindre aldersskilnader mellom vaksne lærlingar, men gjennomsnittsalderen er høgast blant dei som tek helse- og oppvekstfag (22 år). Av dei 500 vaksne lærlingane som er 40 år eller eldre, tek halvparten helse og oppvekstfag.

Aldersskilnadene indikerer ulike årsaker til dei vaksne si deltaking i vidaregåande opplæring. Vaksne i helse- og oppvekstfag kan bruke vaksenopplæringa til å formalisere kompetansen dei allereie har tileigna seg gjennom arbeidslivet. Å ta påbygging er i større grad eit skritt på vegen mot høgare utdanning.

Figur 3.6 Vaksne i opplæring i vidaregåande skule eller bedrift som prosent av alle i videregåande opplæring, fordelte på fylke. 2013-14. Prosent.

figur-3-6-vaksne-i-opplaering-i-vidaregaande-skule-eller-bedrift-som-prosent-av-alle-i-videregaande-opplaering-fordelte-pa-fylke-2013-14-prosent

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Tal om vaksne er først klare ei stund etter at skuleåret er slutt, og gjeld derfor skuleåret 2013-14.