3.6 Spesialundervisning i vidaregåande opplæring

Elevar og lærekandidatar som ikkje har tilfredsstillande utbyte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning.

Elevar kan få spesialundervisning innanfor eit ordinært opplæringsløp, innanfor eit tilrettelagt eller alternativt opplæringsløp i skule, eller innanfor opplæring i bedrift.

3,3 prosent av elevane i vidaregåande opplæring får spesialundervisning

Skuleåret 2013-14 hadde 6200 elevar i vidaregåande opplæring enkeltvedtak om spesialundervisning. Dette er både elevar med mål om full kompetanse og ordinært vitnemål, og elevar med mål om kompetanse på eit lågare nivå enn full yrkes- eller studiekompetanse – planlagd grunnkompetanse. Du kan lese meir om planlagd grunnkompetanse i kapittel 7.

Prosentdelen elevar med spesialundervisning varierer frå 1 til 6 prosent mellom fylka. Det nasjonale snittet er 3 prosent. Skuleåret 2013-14 er første året elevar med enkeltvedtak om spesialundervisning blir ført. Erfaring viser at det ofte er knytt uvisse til nye registreringar, og tala må derfor tolkast med varsemd. Tala indikerer likevel at det er mindre spesialundervisning i vidaregåande opplæring enn i grunnskulen.