3.5 Lærlingar i vidaregåande opplæring

Lærlingar er personar som har inngått ei lærekontrakt om opplæring og praksis i ei bedrift, med sikte på fag- eller sveineprøve. Per 1. oktober 2014 var det totalt registrert 38 400 lærlingar. Talet på lærlingar har auka med 900 sidan same tid i 2013, ein auke på 2,4 prosent. Meir enn to tredelar av lærlingane er gutar. I tillegg til lærlingane var det 1900 lærekandidatar og 700 elevar som fekk fagopplæring i skule. Fagopplæring i skule er eit tilbod til søkarar som ikkje har fått læreplass. Desse elevane får opplæring i faget ved skulen i staden for i bedrift. Målet er likevel fag- eller sveinebrev.

Fleire nye lærekontraktar enn for tre år sidan

Det har i fleire år vore eit mål å auke talet på elevar som får lærekontrakt. Talet på nye lærekontraktar per 1. oktober 2014 var 19 300; ein auke på 5 prosent sidan 2011.

Det er store skilnader mellom fylka i korleis utviklinga i nye lærekontraktar har vore frå 2011 til 2014. Fire fylke har ein auke på 10 prosent eller meir. Finnmark har den største auken på 26 prosent. Tre fylke har ein nedgang i same periode, og nedgangen er størst i Hedmark, der talet på nye lærlingar har gått ned med 6 prosent.

7 av 10 søkarar får lærekontrakt

Hausten 2014 søkte 27 000 elevar om læreplass. Det er over 1000 fleire enn i 2013. Talet på søkarar har auka kvart år dei siste åra, og det er no om lag 10 prosent fleire søkarar enn for 3 år sidan. Auken har vore størst i helse- og oppvekstfag, service og samferdsel, og i teknikk og industriell produksjon. Det har vore ein nedgang i søkarar i design og handverk og restaurant- og matfag. Per 1. januar 2015 hadde 69 prosent av søkarane fått godkjend lærekontrakt.

Det er stor skilnad mellom fylka i kor mange av søkarane som får godkjende lærekontraktar. 81 prosent av søkarane i Oslo har fått godkjend lærekontrakt, i Østfold er tilsvarande prosent 55.

Basert på tidlegare tal veit vi at ein del av dei som ikkje fekk kontrakt innan 1. januar, fekk kontrakten godkjend i løpet av dei neste månadene. Vi veit også at over 20 prosent vil byrje i vidaregåande skule i løpet av skuleåret.

Tabell 3.4 Nye lærekontraktar fordelte på utdanningsprogram. Utvikling frå 2011 til 2014. Tal.

2011 2012 2013 2014
Bygg- og anleggsteknikk 3746 3702 3667 3760
Design og handverk 1319 1166 1127 1095
Elektrofag 2997 3230 3165 3132
Helse- og oppvekstfag 2661 2872 2988 3201
Medium og kommunikasjon 111 111 70 80
Naturbruk 436 417 433 500
Restaurant- og matfag 1213 1135 1123 1114
Service og samferdsel 1827 1841 1960 2091
Teknikk og industriell produksjon 3973 4049 4146 4280
Totalt 18 283 18 523 18 679 19 253

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Størst auke i nye lærekontraktar i helse- og oppvekstfag

Auken i nye lærekontraktar varierer mykje mellom utdanningsprogramma. 6 av 9 utdanningsprogram har hatt ein auke sidan 2011, medan resten har hatt ein nedgang. Den største auken ser vi i helse- og oppvekstfag som har ein auke på 540 fleire kontraktar, noko som utgjer ein auke på 20 prosent frå 2011 til 2014. I design og handverk har derimot talet på nye lærlingar gått ned med over 200. Det vil seie ein nedgang på 17 prosent sidan 2011.

Over 70 prosent av lærekontraktane er i privat sektor

Privat, statleg og kommunal sektor har alle hatt ein auke i nye kontraktar sidan 2011. Statleg sektor har den største prosentvise auken (16 prosent), men privat sektor hadde den største auken i talet på nye kontraktar. Til saman er i overkant av 70 prosent av lærekontraktane i privat sektor.

Lærekandidatar

Ein lærekandidat inngår ein opplæringskontrakt med ei lærebedrift, og går opp til ei kompetanseprøve. Kompetanseprøva er ei mindre omfattande prøve enn fag- og sveineprøva.

Hausten 2014 var det registrert 1900 lærekandidatar, noko som er 157 fleire enn året før. Ordninga er særleg utbreidd på service og samferdsel, bygg- og anleggsteknikk, og på helse- og oppvekstfag.

Figur 3.5 Lærekandidatar fordelte på utdanningsprogram. Utvikling frå 2013 til 2014. Tal.

figur-3-5-laerekandidatar-fordelte-pa-utdanningsprogram-utvikling-fra-2013-til-2014-tal

Kjelde: Utdanningsdirektoratet