3.4 Programområder og fag

Språk, samfunnsfag og økonomi er mest populært på studieførebuande, på yrkesfag er det helsearbeidarfag

På Vg2 vel elevane kva for programområde dei vil ta innanfor utdanningsprogrammet dei går på. Innan studiespesialiserande vel flest elevar programområdet språk, samfunnsfag og økonomi. 54 prosent av elevane på studiespesialiserande vel dette programområdet, og det er det største studieførebuande programområdet. Berre 3 prosent vel formgivingsfag.

Innan helse- og oppvekstfag er det største programområdet helsearbeidarfag, etterfølgt av barne- og ungdomsarbeidarfag. Til saman går 82 prosent av elevane på helse- og oppvekstfag på eit av desse programområda. Helsearbeidarfag har nesten 3300 elevar på Vg2, og er dermed det største yrkesfaglege programområdet.

Spansk er det mest populære framandspråket

Skuleåret 2014-15 tek 69 100 elevar framandspråk som fellesfag, og 1800 elevar tek det som programfag. Spansk er det mest populære framandspråket på vidaregåande, slik det også er på ungdomstrinnet. 44 prosent av elevane med framandspråk tar spansk. Skulane kan gi opplæring i 39 ulike framandspråk. Likevel er det berre 2 prosent av elevane med framandspråk som tek andre fag enn spansk, tysk og fransk.

På vidaregåande kan elevar som hadde framandspråk på grunnskulen velje framandspråk II, som går over to år. Elevar som hadde arbeidslivsfag eller språkleg fordjuping på grunnskulen, må ta framandspråk I + II som går over tre år.

I kapittel 6 kan du lese om at spansk nivå I + II har ein av dei høgaste strykprosentane blant fag på vidaregåande.

Store kjønnsskilnader i realfaga, men ikkje i geofaga

Mange av realfaga har ei klar kjønnsfordeling. Jentene vel biologi og kjemi oftare enn gutane, medan gutane oftare vel fag som informasjonsteknologi, fysikk og teknologi og forskingslære. Blant realfaga er det stort sett i geofaga at kjønnsskilnadene er små.

Figur 3.4 Elevar på programområde for realfag fordelte på utvalde programfag og kjønn. 2014-15. Prosent.

figur-3-4-elevar-pa-programomrade-for-realfag-fordelte-pa-utvalde-programfag-og-kjonn-2014-15-prosent

Kjelde: Utdanningsdirektoratet, foreløpige tal