Det finst tolv ulike utdanningsprogram elevane kan søke seg inn på; tre studieførebuande og ni yrkesfaglege. Nær halvparten av elevane som starta på Vg1 hausten 2013, byrja på eit studieførebuande utdanningsprogram, medan den andre halvparten byrja på eit yrkesfagleg utdanningsprogram.
Fleire elevar på studieførebuande utdanningsprogram
På Vg2 vel elevane eit programområde for spesialisering innanfor sitt utdanningsprogram. Studiespesialisering er det største av alle utdanningsprogramma, og elevtalet på studieførebuande utdanningsprogram har auka noko dei siste åra.
Det siste året har talet på elevar som går studiespesialiserande auka med 2 prosent. Auken har først og fremst vore på Vg3, men det har også vore ein svak auke på dei andre trinna. Det var også 2 prosent fleire elevar som tok Vg3 påbygging til generell studiekompetanse samanlikna med førre skuleår.
1 av 4 yrkesfagelevar går på helse- og oppvekstfag
Helse- og oppvekstfag er det største yrkesfaglege utdanningsprogrammet, med nesten ein fjerdedel av alle yrkesfagelevar hausten 2014. Restaurant- og matfag er utdanningsprogrammet med færrast elevar.
Tabell 3.3 Elevar og lærlingar fordelte på utdanningsprogram og trinn. 2014-15. Tal.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet, foreløpige tal
Elevar med fagopplæring i skule er inkludert i Vg3 i skole.
Alle yrkesfaglege utdanningsprogram, med unntak av elektrofag og naturbruk, har hatt ein nedgang i elevtalet det siste året. Elektrofag har stige i popularitet dei siste åra, med ein jamn auke i søkartala. Blant søkarane til Vg1 som hadde elektrofag som førsteønske skuleåret 2014-15, har berre 69 prosent elevplass på elektrofag inneverande skuleår.
Over 90 prosent av elevane som tek elektrofag og bygg- og anleggsteknikk er gutar
Det er store skilnader i kva for utdanningsprogram jenter og gutar vel. I design og handverk er det 87 prosent jenter, i helse- og oppvekstfag er det 85 prosent jenter, medan gutane står for over 90 prosent av deltakinga i elektrofag og bygg- og anleggsteknikk. Det er litt mindre kjønnsskilnader i dei studieførebuande utdanningsprogramma, men musikk, dans og drama har ei ganske stor overvekt jenter, med 67 prosent. Det einaste utdanningsprogrammet utan kjønnsskilnader er restaurant- og matfag.
Figur 3.2 Elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram fordelte på kjønn. 2014-15. Prosent.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet, foreløpige tal
Prosentdelen som tek yrkesfag varierer mykje mellom landa i OECD
Fellesfag og programfag
Kvart utdanningsprogram er bygd opp av fellesfag og programfag. Alle elevar må ta dei same fellesfaga uavhengig av kva for utdanningsprogram dei tek, men innhaldet i fellesfaga er tilpassa dei ulike utdanningsprogramma.Programfaga er retta spesielt mot det utdanningsprogrammet og programområdet elevane vel. Nokre programfag er obligatoriske for alle elevar innanfor eit programområde, og nokre programfag er valfrie.
Tradisjonen for yrkesfagleg utdanning varierer mykje mellom dei ulike OECD-landa, noko som vert reflektert i kor stor del av elevane som tek yrkesfagleg vidaregåande opplæring. I Canada og Korea er det ein svak tradisjon for fagopplæring på vidaregåande nivå, og det er dermed ikkje eit reelt val mellom studieførebuande og yrkesfag. Både i Noreg, Sverige og Danmark tek om lag halvparten av deltakarane ei yrkesfagleg vidaregåande opplæring.
Figur 3.3 Elevar og lærlingar på yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram fordelte på utvalde land. 2012. Prosent.
Kjelde: OECD (2014)