3.2 Vidaregåande skular

Det er 424 vidaregåande skular i Noreg (Statistisk sentralbyrå, foreløpige tal). Sidan 2004 har det blitt 36 færre vidaregåande skular, og talet på elevar per skule har auka. I 2004 var det i gjennomsnitt 380 elevar per vidaregåande skule, medan det i 2014 er nesten 470 elevar.

Talet på private vidaregåande skular er stabilt

Private vidaregåande skular

Privatskulelova slår fast at nye private vidaregåande skular må drivast på minst eitt av følgande grunnlag for å bli godkjende:

  • religiøst
  • anerkjend pedagogisk retning
  • internasjonalt
  • særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett
  • særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma
  • vidaregåande opplæring i små og verneverdige handverksfag

Hausten 2014 er det 91 godkjende private vidaregåande skular i Noreg. Alle desse skulane er godkjende etter privatskulelova, bortsett frå éin, som er godkjend etter opplæringslova.

Talet på private vidaregåande skular har vore ganske stabilt dei siste åra, og utgjer 21 prosent av dei vidaregåande skulane. Private vidaregåande skular er ofte mindre enn dei offentlege. Medan offentlege vidaregåande skular i snitt har 549 elevar, har dei private 163 elevar i snitt, og 45 prosent av private vidaregåande skular har færre enn 100 elevar.

Om lag 14 800 elevar i vidaregåande opplæring går på privatskule i Noreg hausten 2014, og dette utgjer 7 prosent av elevane. Denne prosentdelen har vore stabil sidan 2007. Private vidaregåande skular ligg i enda større grad i byar enn det dei private grunnskulane gjer. Det er òg store skilnader mellom fylka i kor stor del av elevane som går på private skular. Den største delen finn vi i Oslo, der 16 prosent av elevane går på privatskular, etterfølgt av 14 prosent i Hordaland. I Finnmark går ingen elevar på private vidaregåande skular.

Tre av fire elevar på private vidaregåande skular tek eit studieførebuande utdanningsprogram.

Blant private skular godkjende etter privatskulelova, er det flest som er godkjende på religiøst grunnlag.

Figur 3.1 Elevar i private vidaregåande skular fordelte på utvalde land. 2012. Prosent.

figur-3-1-elevar-i-private-vidaregaande-skular-fordelte-pa-utvalde-land-2012-prosent

Kjelde: OECD (2014)

OECD brukar tal fra Statistisk sentralbyrå som inkluderer skular som ikkje er godkjende etter privatskulelova eller opplæringslova.

Per 1. oktober er det også 5 norske private vidaregåande skular i utlandet med til saman 190 elevar.

Sjølv om delen av elevane som går på privatskular er større på vidaregåande enn på grunnskulen, ligg vi lågt samanlikna med andre land. Delen privatskuleelevar på vidaregåande er over dobbelt så stor i Finland, Sverige og på Island som i Noreg.

Innan fristen 1. april 2014 fekk Utdanningsdirektoratet 9 søknader om oppstart av nye private vidaregåande skular. 6 av desse søkte om å drive på religiøst grunnlag, nærare bestemt humanistisk eller kristent. 2 av desse skulane vart godkjende og kan starte opp hausten 2015. Ikkje alle skular startar opp hausten etter at dei blir godkjende. Av dei 5 søknadene om nye private vidaregåande skular som vart godkjende for oppstart hausten 2014, var det berre 2 som starta opp denne hausten. Dei resterande 3 må starte opp sine skular innen hausten 2016, elles må dei søke om ny godkjenning.

Utdanningsdirektoratet har per 1. april 2015 fått 3 søknader om å opprette nye private vidaregåande skular frå hausten 2016.

Tabell 3.2 Private vidaregåande skular fordelte på grunnlag for godkjenning. 2014-15. Tal.

Grunnlag
Religiøst 27
Anerkjend pedagogisk retning 13
Internasjonalt 1
Særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett 15
Særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma* 6
Vidaregåande opplæring i små og verneverdige handverksfag 2
Utan særskilt grunnlag** 26
Privatskular godkjende etter opplæringslova (Deutsche Schule Oslo – Max Tau) 1
Totalt i Noreg 91
Norske skular i utlandet 5
Totalt i Noreg og utlandet 96

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

* I tillegg gir tre av skulane som er godkjende på religiøst grunnlag og tre av skulane som er godkjende etter anerkjend pedagogisk retning, også særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma.
** Desse skulane vart godkjende før den nye privatskulelova kom med krav om grunnlag.