3.1 Elevar i vidaregåande opplæring

Vidaregåande opplæring

Vidaregåande opplæring er frivillig. Alle ungdomar som har fullført grunnskulen, har likevel rett til vidaregåande opplæring som skal føre fram til studiekompetanse eller yrkeskompetanse. 92 prosent av alle 16–18-åringar deltok i vidaregåande opplæring hausten 2014 (Statistisk Sentralbyrå 2014).

Hausten 2014 går 197700 elevar i vidaregåande opplæring i Noreg. I tillegg er det 38 400 lærlingar og 1900 lærekandidatar i vidaregåande opplæring skuleåret 2014-15.

60 prosent av elevane går på studieførebuande, og 40 prosent går på yrkesfag. Det har vore ein auke i prosentdelen elevar på studieførebuande dei siste åra. Søkartala for neste skuleår viser at yrkesfaga for første gong på mange år har ein vekst i elevar som ønsker seg til yrkesfag. Det kan derfor hende at vi ser ein auke i elevar på yrkesfag neste skuleår.

Tabell 3.1 Elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring fordelte på trinn og type utdanningsprogram. 2014-15. Tal.

Vg1 Vg2 Vg3 Lærlingar og lærekandidatar Sum
Studieførebuande utdanningsprogram (3 program) 37 100 33 000 34 200 104 300
Påbygging 14 200 14 200
Yrkesfaglege utdanningsprogram (9 program) 38 200 34 000 7 000 79 200
Lærlingar og lærekandidatar 40 300 40 300
Sum 75 300 67 000 55 400 40 300 238 000

Kjelde: Utdanningsdirektoratet, foreløpige tal