2.9 Vaksne i grunnskulen

Skuleåret 2014-15 får over 10 000 vaksne grunnskuleopplæring. Gruppa omfattar både vaksne som får ordinær grunnskuleopplæring, og vaksne som får spesialundervisning.

Utstrakt interkommunalt samarbeid om grunnskuleopplæring for vaksne

Opplæring for vaksne

Alle vaksne som er over opplæringspliktig alder (16 år), og som ikkje har fullført grunnskule, har rett til grunnskuleopplæring. Retten omfattar dei faga deltakaren treng for å få vitnemål for fullført grunnskuleopplæring for vaksne, og det er kommunen som skal legge til rette for deltakarane. Opplæringa skal vere tilpassa den enkelte sine behov. Vaksne som ikkje har tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning.

Kommunen har ansvaret for grunnskuleopplæringa for vaksne, men dei treng ikkje gjennomføre den sjølv. Mange kommunar inngår interkommunale samarbeid, der deltakarar får opplæringa i ein annen kommune enn bustadkommunen. Skuleåret 2014-15 har 331 kommunar innbyggarar som deltek i grunnskuleopplæring for vaksne. 264 av kommunane gir opplæringa i eigen kommune, medan 149 kommunar har innbyggarar som får opplæringa si i ein annen kommune enn bustadkommunen. 80 kommunar gir dermed både opplæring i eigen kommune og har innbyggarar som får opplæring i andre kommunar.

Det er vanlegare med interkommunalt samarbeid om den ordinære grunnskuleopplæringa for vaksne, enn det er med samarbeid om spesialundervisning. 76 prosent av kommunane som har vaksne deltakarar som får ordinær grunnskuleopplæring, gir heile eller delar av tilbodet i ein annen kommune. For spesialundervisning er denne delen 21 prosent.

Figur 2.12 Vaksne i grunnskulen som får ordinær undervisning og spesialundervisning. Utvikling frå 2009 til 2014. Tal.

figur-2-12-vaksne-i-grunnskulen-som-far-ordinaer-undervisning-og-spesialundervisning-utvikling-fra-2009-til-2014-tal

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

Fleire vaksne får ordinær grunnskuleopplæring

Hausten 2014 fekk over 6400 vaksne ordinær grunnskuleopplæring. Det har vore ein jamn auke i talet på deltakarar i den ordinære grunnskuleopplæringa for vaksne, og for fem år sidan var det berre 4100 deltakarar. Auken kjem av at det har blitt langt fleire minoritetsspråklege deltakarar. I dag er det 2600 fleire minoritetsspråklege i den ordinære grunnskuleopplæringa for vaksne enn det var for fem år sidan. 90 prosent av deltakarane i ordinær grunnskuleopplæring er minoritetsspråklege.

Med spesialundervisninga ser vi motsett tendens. I dag er det 3500 deltakarar som får spesialundervisning, og det er 1900 færre enn for fem år sidan.

Nesten 60 prosent av dei minoritetsspråklege deltakarane er kvinner

Nesten 60 prosent av dei minoritetsspråklege deltakerane er kvinner. Kjønnsfordelinga varierer med alder, og blant deltakarane over 40 år er nesten 80 prosent kvinner.

Samstundes er to av tre minoritetsspråklege deltakarar mellom 16 og 18 år menn. Den høge delen menn blant dei yngste deltakarane heng saman med at einslege mindreårige asylsøkarar som regel er menn. I 2011 var 86 prosent av denne gruppa menn (Meld. St. 27 (2011-2012) Barn på flukt).

Figur 2.13 Kjønnsfordelinga blant minoritetsspråklege med ordinær grunnskuleopplæring for vaksne, fordelt på aldersgrupper. 2014-15. Prosent.

figur-2-13-kjonnsfordelinga-blant-minoritetsspraklege-med-ordinaer-grunnskuleopplaering-for-vaksne-fordelt-pa-aldersgrupper-2014-15-prosent

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)