2.8 Skulefritidsordninga

Kommunen skal ha eit tilbod om skulefritidsordning (SFO) før og etter skuletid for elevar på 1.-4. årstrinn, og for elevar med særskilde behov på 1.-7. årstrinn. Ordninga skal gi omsorg og tilsyn, og legge til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar for barna.

Over 150 000 elevar går på SFO. Av desse har nesten 90 000 elevar fulltidsplass i ordninga. Dei siste ti åra har delen elevar på 1.-4. trinn som deltek i SFO, auka med 8 prosentpoeng, og ligg i dag på 63 prosent.

Dess eldre barna blir, dess mindre deltek dei i SFO. På 1. trinn deltek 80 prosent av elevane, mens på 4. trinn deltek berre 34 prosent av elevane i SFO.

Kor mange elevar som deltek i SFO-ordninga varierer veldig. I Oslo deltek 76 prosent av elevane på 1.-4. trinn i ordninga, og 55 prosent av desse har fulltidsplass. Dermed er Oslo det fylket med høgast deltaking og der den største delen av deltakarane har fulltidsplass. Fylket med lågast deltaking i SFO er Nord-Trøndelag. Her deltek 45 prosent av elevane på 1-4. trinn i ordninga, og berre 14 prosent har fulltidsplass.

Figur 2.11 Elevar på 1.-4. trinn som deltek i SFO-ordninga fordelte på fylke. 2014-15. Prosent.

figur-2-11-elevar-pa-1-4-trinn-som-deltek-i-sfo-ordninga-fordelte-pa-fylke-2014-15-prosent

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)