2.7 Målform

Dei fleste elevane i grunnskulen får opplæring på bokmål. Skuleåret 2014-15 er det 86,8 prosent som har bokmål som hovudmål. Det er ein auke på 1,5 prosentpoeng sidan 2004. Den delen av elevane som har nynorsk som hovudmål, har tilsvarande gått ned med 1,8 prosentpoeng i same periode, og ligg på 12,4 prosent. 0,1 prosent av elevane har samisk, og 0,6 prosent har andre språk som opplæringsmålform. Andre språk gjeld hovudsakeleg internasjonale privatskular.

Berre to fylke har eit fleirtal av elevar med nynorsk som hovudmål; Sogn og Fjordane med 98 prosent, og Møre og Romsdal med 51 prosent. I Finnmark har 8 prosent av elevane samisk som hovudmål.

Proba samfunnsanalyse (2014) har undersøkt årsaker til at elevar byter målform frå nynorsk til bokmål. I undersøkinga nemner elevane i stor grad påverknad frå bokmål som grunnen til at dei byter målform. Det vert enklare for dei å lese og skrive bokmål, sidan så mykje av det dei les elles er på bokmål.