2.6 Valfag og språk på ungdomstrinnet

På ungdomstrinnet kan elevane velje mellom ulike valfag og framandspråk. Dei kan også velje arbeidslivsfag eller fag frå vidaregåande opplæring. Elevane sine val er i praksis bundne av kva fag skulen tilbyr, og fagtilbodet varierer mykje mellom skulane.

7 av 10 elevar på ungdomstrinnet vel eit framandspråk

Elevar på ungdomstrinnet skal enten ha framandspråk eller fordjuping i engelsk, norsk eller samisk. Dersom skulen tilbyr arbeidslivsfag, kan elevane velje det i staden. 73 prosent av elevane valde eit framandspråk hausten 2014. 20 prosent valde språkleg fordjuping, og 7 prosent valde arbeidslivsfag.

I Akershus og Rogaland valde over 80 prosent av elevane framandspråk skuleåret 2014-15. I Finnmark valde 48 prosent av elevane framandspråk, og Finnmark er det fylket der flest elevar vel språkleg fordjuping (34 prosent) og arbeidslivsfag (17 prosent).

Spansk er det vanlegaste framandspråket. 45 prosent av elevane som vel framandspråk, tek spansk. Deretter kjem tysk med 36 prosent, og fransk med 18 prosent. Under 1 prosent tek andre språk enn tysk, fransk eller spansk.

Nesten 60 prosent av elevane tek eit av dei tre mest populære valfaga

Frå skuleåret 2014-15 er valfag også innført på 10. trinn. No skal elevar på 8.-10. trinn kunne velje mellom minst 2 av 14 ulike valfag.

Fysisk aktivitet er det vanlegaste valfaget, etterfølgt av sal & scene og design og redesign. Nesten 60 prosent av elevane tek eit av desse valfaga. For gutane skil fysisk aktivitet seg klart ut. 42 prosent av gutane vel fysisk aktivitet, medan jentene fordeler seg jamnare på dei tre største valfaga.

NOVA (2015) har evaluert valfaga på ungdomstrinnet. Resultata viser at intensjonen om at valfaga skulle føre til meir variasjon og fleire praktiske fag, er oppfylt. Sjølv om lærarar opplever det som krevjande og problematisk å sette karakter, likar både elevar, lærarar og skuleleiarar valfaga fordi dei er praktiske og varierte. Valfaga ser ut til å bidra til å auke skulemotivasjon – dei kan «tenne ein gnist». (Dæhlen m.fl.2015)

Figur 2.10 Elevar sine valfag på ungdomstrinnet fordelte på kjønn. 2014-15. Prosent.

figur-2-10-elevar-sine-valfag-pa-ungdomstrinnet-fordelte-pa-kjonn-2014-15-prosent

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

Skulen gir i snitt opplæring i fem valfag

Det er stor variasjon i kor mange valfag den enkelte skulen gir opplæring i. I snitt gir skulane opplæring i fem valfag, og over 90 prosent av elevane går på skular som gir opplæring i fire eller fleire valfag.

Storleiken på skulane har mykje å seie for kor mange valfag dei tilbyr. 1 prosent av elevane går på skular som berre gir opplæring i eitt valfag. Desse skulane har i snitt 17 elevar på 8.-10. trinn. Samstundes gir skular med over 300 elevar på ungdomstrinnet i snitt opplæring i 7 ulike valfag.

Fleire elevar i grunnskulen tek fag frå vidaregåande opplæring

Elevar på ungdomstrinnet kan følge opplæringa i eitt eller fleire fag frå vidaregåande opplæring dersom dei har tilstrekkeleg kompetanse til dette. Fag frå vidaregåande er ei av få formelle ordningar i grunnskulen som er tilpassa elevar som ønsker ekstra utfordringar. Eleven kan ta fag frå vidaregåande i staden for valfag, eller bruke inntil 60 prosent av timane i faget utdanningsval.

Skuleåret 2014-15 tek 2100 elevar fag frå vidaregåande opplæring, ein auke frå 600 elevar i 2008- 09. 70 prosent av elevane går på 10. trinn. Over 100 kommunar har elevar på ungdomstrinnet som tek fag frå vidaregåande opplæring. Blant dei største kommunane har Drammen og Oslo høgast deltaking i prosent. Her tar høvesvis 9 og 6 prosent av elevane på 10. trinn fag frå vidaregåande.

1300 av elevane bruker valfagstimane til ordninga. Dei siste 800 elevane har valt å ta fag frå vidaregåande i tillegg til å ha valfag, og bruker berre timar frå faget utdanningsval. Å bruke valfagstimane til fag frå vidaregåande er vanlegast på 8. og 9. trinn. På desse trinna bruker om lag 90 prosent av elevane valfagstimane. På 10. trinn vel derimot halvparten av elevane å ta fag frå vidaregåande i tillegg til valfag.

Dei siste åra har det vore ein auke i talet på elevar som tek fag frå vidaregåande. Mykje av auken kan forklarast med innføringa av valfag på 10. trinn i 2014. Mange stader kan det også ha tatt litt tid å organisere ordninga på ein god måte, sidan det krev godt samarbeid mellom grunnskulen og vidaregåande.