2.5 Særskilt språkopplæring

7 prosent av elevane får særskild norskopplæring

Elevar med anna morsmål enn norsk eller samisk har rett til særskild norskopplæring fram til dei har tilstrekkeleg kompetanse i norsk til å følge den vanlege opplæringa i skulen.

I 2014-15 får over 43 000 elevar særskild norskopplæring, noko som svarar til 7 prosent av elevane. Denne prosentdelen har vore stabil dei siste åra. Per 1. januar 2015 har totalt 14,3 prosent av barna i grunnskulen innvandrarbakgrunn, og av desse fekk 49 prosent særskild norskopplæring. Med innvandrarbakgrunn meiner vi barn som sjølv har innvandra til Noreg, eller norskfødde barn av innvandrarforeldre.

I prosent er det fleire elevar som får særskild norskopplæring på dei lågaste trinna. 9 prosent av elevane på 1.-4. trinn får særskild norskopplæring i 2014-15, medan tilsvarande tal på 8.-10. trinn er 5 prosent.

I snitt har 13 prosent av elevane på norske ungdomsskular innvandrarbakgrunn. Ved 72 prosent av skulane er denne delen under 10 prosent (tabell 2.3). Dei siste fem åra har delen skular der over 10 prosent av elevane har innvandrarbakgrunn, auka frå 18 til 28 prosent. Fleire av skulane der ein stor del av elevane har innvandrarbakgrunn er enten mottaksskular, eller dei er skular som har eigne innføringsgrupper for asylsøkarar.

Figur 2.8 Elevar i grunnskulen med særskild norskopplæring og anna særskild språkopplæring. Utvikling frå 2004 til 2014. Tal.

figur-2-8-elevar-i-grunnskulen-med-saerskild-norskopplaering-og-anna-saerskild-sprakopplaering-utvikling-fra-2004-til-2014-tal

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

Tabell 2.3 Ungdomsskular fordelte på prosenten elevar med innvandrarbakgrunn. 2014. Tal og prosent.

Prosentdel elevar med innvandrarbakgrunn Ungdomsskular (tal) Ungdomsskular (prosent)
0-10 % 858 72 %
11-20 % 198 17 %
21-30 % 52 4 %
31-40 % 27 2 %
41-50 % 17 1 %
Over 50 % 37 3 %
Totalt 1 189 100 %

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Oslo har flest elevar som får særskild norskopplæring

Oslo skil seg klart ut som kommunen med flest elevar som får særskild norskopplæring. 22 prosent av elevane i Oslo får særskild norskopplæring, i Drammen kommune er prosentdelen 19.

Færre elevar med morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller tilrettelagd opplæring

Elevar som har rett til særskild norskopplæring, har også rett til morsmålsopplæring eller tospråkleg fagopplæring dersom dei treng det. Dersom det manglar tilsette som kan gi morsmålsopplæring eller tospråkleg fagopplæring, skal kommunen tilby anna tilrettelagd opplæring så langt det er mogleg.

35 prosent av elevane som får særskild norskopplæring i skuleåret 2014-15, får også anna særskild språkopplæring. Det er ein nedgang på tre prosentpoeng frå året før, og ein nedgang på 19 prosentpoeng sidan 2009. Spesielt morsmålsopplæringa har hatt ein stor nedgang i denne perioden.

Av dei 15 000 elevane med anna særskild språkopplæring i tillegg til særskild norskopplæring, får 16 prosent både morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring, 58 prosent får berre tospråkleg fagopplæring og 11 prosent får berre morsmålsopplæring. Det er flest elevar som får morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring i somalisk, polsk og arabisk.

Figur 2.9 Elevar i grunnskulen med særskild språkopplæring i dei ti største kommunane i landet fordelte på type særskild språkopplæring. 2014-15. Prosent av elevane med særskild norskopplæring.

figur-2-9-elevar-i-grunnskulen-med-saerskild-sprakopplaering-i-dei-ti-storste-kommunane-i-landet-fordele-pa-type-saerskild-sprakopplaering-2014-15-prosent-av-elevane-med-saerskild

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

Stor variasjon mellom kommunane i kor mange elevar som får særskild språkopplæring

Bruken av morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring og anna tilrettelagd opplæring varierer mykje mellom kommunane. 8 av 10 elevar som får særskild norskopplæring i Bergen og Trondheim, får også særskild språkopplæring. TiIsvarande for Oslo er 12 prosent, medan ingen elevar i Drammen får særskild språkopplæring i tillegg til særskild opplæring i norsk.

4400 elevar deltek i innføringstilbod

Barn i grunnskulealder som nettopp er komne til Noreg, har rett og plikt til grunnskuleopplæring dersom det er truleg at barnet skal vere i Noreg i meir enn tre månader. Kommunen kan organisere innføringstilbod for nykomne minoritetsspråklege elevar i eigne grupper, klasser eller skular. Skuleåret 2014-15 deltek nesten 4400 elevar i slike innføringstilbod. I underkant av 500 av desse er asylsøkarar.