2.4 Tilpassa opplæring og spesialundervisning

All undervisning skal vere tilpassa den enkelte elev sine evner og føresetnader. Prinsippet om tilpassa opplæring gjeld alle elevar, også elevar som treng ekstra utfordringar. Skulen skal aktivt ta omsyn til variasjonar blant elevane gjennom læringsmiljø, metodebruk og pedagogikk.

Færre elevar får spesialundervisning

Elevar som ikkje får tilfredsstillande utbyte av den ordinære opplæringa, har rett til spesialundervisning. Spesialundervisning er ein individuell rett som det alltid er knytt eit enkeltvedtak til. I enkeltvedtaket skal det blant anna stå kor mange timar spesialundervisning eleven skal få.

Hausten 2014 hadde i underkant av 50 000 norske elevar enkeltvedtak om spesialundervisning, noko som utgjer 8 prosent av elevane. Nærare halvparten av alle elevane som får spesialundervisning, har eit enkeltvedtak på over 7 timar i veka. 68 prosent av elevane som får spesialundervisning er gutar, og dette har vore ganske stabilt over tid.

Det har lenge vore eit politisk mål å betre den tilpassa opplæringa slik at alle elevar får eit betre læringsutbyte i den ordinære undervisninga. Talet på elevar som fekk spesialundervisning auka jamt frå 2006 til 2011. I løpet av dei siste to skuleåra har trenden snudd, og vi ser ein liten nedgang på nasjonalt nivå. Vi veit ikkje om nedgangen kan forklarast med at skulane har blitt betre på tilpassa opplæring, eller om det betyr at elevar ikkje får oppfylt rettane sine. Samstundes ser vi at talet på klagesaker som gjeld spesialundervisning, har gått ned. I 2014 handsama fylkesmannsembeta 170 klagesaker om spesialundervisning, som er ein nedgang på 115 klagesaker sidan 2011.

Figur 2.5 Elevar i grunnskulen med enkeltvedtak om spesialundervisning. Utvikling frå 2004 til 2014. Prosent.

figur-2-5-elevar-i-grunnskulen-med-enkeltvedtak-om-spesialundervisning-utvikling-fra-2004-til-2014-prosent

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

Over tre gonger så mange elevar får spesial- undervisning på 10. trinn som på 1. trinn

Prosentdelen elevar som får spesialundervisning, aukar utover i skuleløpet. På 1. trinn får 3,6 prosent av elevane spesialundervisning, medan prosentdelen på 10. trinn er 11,1, altså tre gongar så høg. Ein grunn til denne auken kan vere at dei faglege krava vert større utover i skuleløpet (Wendelborg 2010).

Det kan likevel sjå ut som denne kurva flatar litt ut mot slutten av skuleløpet, og vi ser at prosentdelen elevar som får spesialundervisning er noko lågare på 8. og 9. trinn enn han er på 7. trinn.

7 av 10 får mesteparten av spesialundervisninga i grupper eller åleine

Så langt det er mogleg og forsvarleg, skal spesialundervisninga gjennomførast i den ordinære klassen. 7 av 10 elevar som får spesialundervisning, får likevel det meste av spesialundervisninga i grupper eller åleine. I underkant av 4000 elevar får all spesialundervisning i faste avdelingar eller på eigne skular for spesialundervisning. Ytterlegare 1500 elevar er utplasserte ein eller fleire dagar i veka på alternative opplæringsarenaer med opplegg til dømes knytt til friluftsliv, arbeid på gard eller bilverkstad.

Figur 2.6 Elevar i grunnskulen med enkeltvedtak om spesialundervisning fordelte på trinn og kjønn. 2014-15. Prosent.

figur-2-6-elevar-i-grunnskulen-med-enkeltvedtak-om-spesialundervisning-fordelt-pa-trinn-og-kjonn-2014-15-prosent

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

Figur 2.7 Elevar i grunnskulen med spesialundervisning fordelte på organisering. 2014-15. Prosent.

figur-2-7-elevar-i-grunnskulen-med-spesialundervisning-fordelte-pa-organisering-2014-15-prosent

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)