2.3 Fag- og timefordelinga i grunnskulen

Norsk og matematikk er dei største faga i grunnskulen. Dei utgjer til saman litt meir enn 40 prosent av det totale timetalet. Det totale timetalet i grunnskulen er 5234 timar for barnetrinnet og 2622 timar for ungdomsskulen. Dei nest største faga er kroppsøving og samfunnsfag.

Undervisningstimetalet har auka dei siste ti åra

I 2004 låg Noreg godt under det gjennomsnittlege talet på undervisningstimar i OECD, med Finland som einaste land med færre timar (OECD 2006). I løpet av dei 10 åra som følgde, auka Noreg timetalet ved fleire høve, og i 2012 låg Noreg over OECD-snittet, medan Finland framleis var blant landa med færrast timar (OECD 2014).

Noreg brukar meir tid på lesing, skriving, matematikk og naturfag enn andre OECD-land

Dei fleste landa i OECD brukar om lag halvparten av det totale timetalet på barnetrinnet til faggruppene lesing, skriving og litteratur, matematikk og naturvitskaplege fag, men sidan talet på undervisningstimar totalt varierer, er det store skilnader i undervisningsomfanget. Norske elevar får til saman 2588 timar i faggruppene lesing, skriving og litteratur, matematikk og naturvitskaplege fag. Det einaste landet i OECD med fleire timar i desse faggruppene er Canada, med 2920 timar. Finske elevar får til samanlikning 1910 timar.

Noreg brukar også mange timar på faggruppa religion, etikk og moral. I løpet av barnetrinnet går det med 427 timar til faget, noko som er over dobbelt så mange timar som snittet i OECD. Berre Israel og Irland har fleire timar enn Noreg i denne faggruppa.

Figur 2.4 Fag- og timefordeling på barnetrinnet fordelt på utvalde land. 2012. Tal.

figur-2-4-fag-og-timefordeling-pa-barnetrinnet-fordelt-pa-utvalde-land-2012-tal

Kjelde: OECD 2014