2.2 Stadig færre og større grunnskular

Tendensen går mot færre og større skular i Noreg. I 2014 er det 2886 grunnskular. Det er 21 færre enn i 2013 og nesten 400 færre enn i 2004. Hausten 2014 er det i snitt 214 elevar per skule, og det er 25 fleire enn for ti år sidan.

I 2014 er det 155 skular med over 500 elevar, og over 90 000 elevar går på desse skulane. For ti år sidan var det 115 skular med så høge elevtal, og desse skulane hadde i underkant av 64 000 elevar til saman. I tillegg til at det har blitt fleire store skular, har gjennomsnittleg elevtal på desse skulane auka frå 550 til 580 elevar.

Samstundes som det blir fleire av dei største skulane, blir det færre av dei minste. I 2004 var det 1200 skular med under 100 elevar, medan talet i dag er under 900. Til saman går 44 000 elevar på dei minste skulane, og det er 12 000 færre enn i 2004.

Storleiken på skulane varierer mykje frå fylke til fylke. I Troms og Finnmark har over halvparten av skulane under 100 elevar, og det er ingen skular med over 500 elevar i desse fylka. Det ser ikkje ut til at skulane i desse fylka vert større. Oslo har flest store skular, og er også fylket der store skular har auka mest i prosent. I 2004 hadde 20 prosent av skulane i Oslo over 500 elevar, og i 2014 har dette auka til 35 prosent.

Figur 2.1 Grunnskular fordelte på elevtal. Utviklinga frå 2004 til 2014. Prosent.

figur-2-1-grunnskular-fordelt-pa-elevtal-utviklinga-fra-2004-til-2014-prosent

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

Tabell 2.1 Grunnskular fordelte på eigarform. 2014-15. Tal.

Eigarform
Kommunal 2 662
Fylkeskommunal 10
Interkommunal 3
Statleg 3
Privat 208
Totalt 2 886

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

49 grunnskular lagde ned

Mellom 2013 og 2014 vart 49 grunnskular lagde ned. Av desse var 42 kommunale, 1 interkommunal, 2 private, 3 fylkeskommunale og 1 statleg. Samstundes er 28 nye grunnskular oppretta. Av desse er 12 kommunale, 14 private og 2 fylkeskommunale. Kor mange skular som vert oppretta og nedlagde, varierer frå år til år, men dei siste ti åra er det i gjennomsnitt lagt ned 56 skular og oppretta 19 skular årleg.

Når grunnskular vert lagde ned, byrjar som regel elevane i næraste offentlege skule. Dette er mykje vanlegare enn at det vert oppretta nye private skular som erstatning for dei nedlagde skulane. I berre 13 prosent av kommunane der det vart lagt ned ein eller fleire offentlege grunnskular, vart det oppretta ein ny privat grunnskule same skuleår. Dei nye private skulane hadde i gjennomsnitt 28 elevar, medan dei nedlagde offentlege skulane i snitt hadde 73 elevar.

Det er hovudsakeleg små skular som vert lagde ned. 78 prosent av dei nedlagde skulane hadde under 100 elevar, og om lag halvparten hadde under 30 elevar. Alle dei nedlagde skulane med over 100 elevar var kommunale, og vart nedlagde på grunn av skulesamanslåingar. Dette var totalt 11 skular.

Fleire private grunnskular

Privatskular

Privatskulelova slår fast at nye private grunnskular må oppfylle minst eit av følgande grunnlag:

  • religiøse
  • anerkjende pedagogiske retningar
  • internasjonale grunnskular
  • særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma
  • norsk grunnskuleopplæring i utlandet

Skular som er godkjende etter privatskulelova, har rett til statstilskot.

Dei skulane som er godkjende før privatskule- lova kom i 2003, er godkjende som privatskular etter opplæringslova. Desse har ikkje rett til statstilskot.

I Noreg er det ikkje lov å drive private grunn- skular utan at dei er godkjende etter privat- skulelova § 2-1 eller opplæringslova § 2-12.

Sidan 2002 har talet på private grunnskular nesten dobla seg, og det er i dag 208 godkjende private grunnskular i Noreg. Det siste året har vi fått 12 fleire privatskular. 20 000 elevar går på privatskular i dag; og det utgjer 3,3 prosent av alle elevane i grunnskulen, og er ein auke frå 1,9 prosent frå 2002.

Før fristen 1. april 2014 fekk Utdanningsdirektoratet 34 søknadar om oppstart av nye private grunnskular. 25 av desse skulane vart godkjende og kunne starte opp hausten 2015. Ikkje alle skular som vert godkjende startar opp med ein gong. Av dei 25 søknadene om nye privatskular som vart godkjende for oppstart 2014, hadde berre 10 av dei starta opp denne hausten. Dei resterande 15 må starte opp sine skular innan hausten 2016, elles må dei søke om ny godkjenning.

Per 1. april 2015 har Utdanningsdirektoratet fått inn 35 søknader om å starte nye private grunnskular. Desse kan først starte opp hausten 2016.

Tabell 2.2 Private grunnskular fordelte på grunnlaget for godkjenning. 2014-15. Tal.

Grunnlag for godkjenning
Religiøst 74
Anerkjend pedagogisk retning 99
Internasjonalt 10
Særskild tilrettelagd opplæring for funksjonshemma* 3
Utan særskild grunnlag** 13
Privatskular godkjende etter opplæringslova 9
Totalt i Noreg 208
Norske skular i utlandet 11
Totalt i Noreg og utlandet 219

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

*I tillegg gir seks av skulane som er godkjende etter anerkjent pedagogisk retning, også særskild tilrettelagd opplæring for funksjonshemma.
** Desse skulane vart godkjende før den nye privatskulelova kom med krav om grunnlag.

Figur 2.2 Private grunnskular fordelte på godkjenning etter privatskulelova og opplæringslova. Utvikling frå 2002 til 2014. Tal.

figur-2-2-private-grunnskular-fordelte-pa-godkjenning-etter-privatskulelova-og-opplaeringslova-utvikling-fra-2002-til-2014-tal

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

* Tal for private grunnskular i utlandet vart inkludert frå 2005

Figur 2.3 Elevar i private grunnskular fordelte på barne- og ungdomstrinn og utvalde land. 2012. Prosent.

figur-2-3-elevar-i-private-grunnskular-fordelte-pa-barne-og-ungdomstrinn-og-utvalde-land-2012-prosent

Kjelde: OECD

Privatskular er eit storbyfenomen

Dei største privatskulane ligg stort sett i og rundt dei største byane. I Oslo, Bergen og Trondheim går 5 prosent av elevane på privatskule, medan det tilsvarande talet for Sogn og Fjordane er 1 prosent. Hovudtendensen er at det er få elevar som går på privatskule i Noreg samanlikna med dei andre nordiske landa. I Danmark går heile 15 prosent av barneskuleelevane og 27 prosent av ungdomsskuleelevane på privatskular. I Sverige er det også langt fleire elevar som går på privatskule enn i Noreg.