2.1 Elevtalet i grunnskulen

619 000 elevar i grunnskulen

Grunnskulen

Grunnskulen er tiårig og er delt inn i barnetrinnet frå 1. til 7. trinn og ungdomstrinnet frå 8. til 10. trinn. Grunnskulen bygger på prinsippet om likeverdig og tilpassa opplæring for alle. Grunnskuleopplæringa er gratis og blir i hovudsak finansiert av kommunane.

Hausten 2014 er det 619 000 elevar ved offentlege og private grunnskular i Noreg. Det er nesten 3700 fleire enn på same tid i 2013. Dei siste ti åra har elevtalet vore nokså stabilt på nasjonalt nivå, men det er store skilnader mellom fylka. I Oslo har elevtalet auka med 19 prosent, i Akershus har det auka med 9 prosent. Samstundes har det vore ein nedgang på 15 prosent i Nordland og 13 prosent i Finnmark. Flytting til sentrale område er hovudårsaka til regionale endringar i elevtalet (Statistisk sentralbyrå 2015).

Talet på grunnskuleelevar vil auke vesentleg fram mot 2024

Statistisk sentralbyrå ventar at talet på barn i grunnskulealder (6–15-åringar) vil auke til 661 000 i 2024, ein auke på 7 prosent frå dagens nivå. Dei ventar at elevtalet vil stige med om lag 5000 elevar per år frå 2015, og med om lag 3000 i året frå 2020 (Statistisk Sentralbyrå 2014).

Det er venta fleire barn i grunnskulealder i alle fylka, bortsett frå Oppland, Sogn og Fjordane og Finnmark. Talet på elevar ser ut til å auke mest i Oslo, Rogaland og Akershus. SSB reknar også med at Oslo kjem til å ha den største prosentvise auken, etterfølgt av Vest-Agder og Rogaland. Det er venta at Oslo kjem til å ha over 8000 fleire elevar i 2024 enn dei har i 2014, ein auke på 13 prosent.

Som ein konsekvens av den store auken i talet på elevar, må vi vente eit behov for fleire lærarar i denne perioden. Lærarframskrivinga til Statistisk sentralbyrå viser at det kan bli ei underdekning på om lag 10 000 årsverk for allmennlærarar i grunnskulen i 2020 (Roksvaag m.fl. 2012).