5.7 Utfordringane med læringsmiljøet er spesielt store på ungdomstrinnet

Dei fleste elevane trivst på skolen og opplever støtte frå lærarane. Forholdet mellom elevar og lærarar ser ut til å ha blitt betre over tid. Dei aller fleste elevane får god hjelp og kjem godt overeins med lærarane. Likevel kjem det fram at rundt 13 prosent av elevane på 10. trinn opplever mykje av undervisninga som for lett, mens omtrent dobbelt så mange opplever at undervisninga kan vere for vanskeleg.

Det er viktig at elevar opplever støtte frå dei rundt seg, ikkje berre på skolen, men òg heime. Berre fire av ti opplever alltid støtte heimanfrå, og prosentdelen elevar med god foreldrestøtte går ned utover i skoleløpet. Ut frå svara elevane gir om korleis dei opplever læringsmiljøet, ser det ut til at elevar i ungdomstrinnsalder har spesielt store utfordringar. Utover på ungdomstrinnet blir det færre elevar som trivst, er motiverte, opplever støtte heimanfrå og undervisninga som nyttig og relevant. Samtidig går prosentdelen som blir mobba og utsett for krenkjande åtferd, opp i løpet av 9. og 10. trinn.