5.6 Rådgiving

Alle elevar har rett til nødvendig rådgiving om utdanning, yrkesmoglegheiter og yrkesval. Elevar som er fornøgde med valet av vidaregåande utdanning, presterer betre (Hastings mfl. 2012), og det er mindre sannsynleg at dei fell ifrå.

Over halvparten av elevane er fornøgde med rådgivinga

Over halvparten av elevane er fornøgde med rådgivinga dei får både på ungdomstrinnet og i vidare­gåande. Seks av ti elevar på ungdomstrinnet uttrykkjer at dei er fornøgde med grunnlaget dei har fått for å velje utdanning og yrke. Elevar er generelt litt mindre fornøgde med rådgivinga dei fekk på ungdomstrinnet, når dei vurderer det i ettertid på Vg1. Blant Vg1-elevane er omtrent 16 prosent misfornøgde med rådgivinga dei fekk på ungdomstrinnet.