5.5 Trivsel og psykososialt miljø

Eit godt psykososialt miljø der elevar trivst og føler seg trygge, legg eit viktig grunnlag for læringa. Å bli utsett for erting, truslar eller vald av medelevar hindrar læring (Nakamoto og Schwartz 2010) og har ein langvarig negativ påverknad på helsa og velværet til elevane (Coggan mfl. 2003, Arseneault mfl. 2010). Alle elevar har rett på eit trygt og læringsfremmande skolemiljø.

Ni av ti elevar trivst godt eller svært godt på skolen

Trivselen blant norske elevar har vore ganske stabil over tid. Av alle elevar frå 5. trinn til Vg3 trivst ni av ti elevar godt eller svært godt på skolen (figur 5.9). I underkant av 8 prosent av elevane trivst litt, mens knappe 3 prosent ikkje trivst noko særleg eller ikkje i det heile. Prosentdelen elevar som trivst, er klart minst på 9. og 10. trinn.

Figur 5.9 Prosentdelen elevar som trivst godt eller svært godt. Fordelt på trinn. 2013/14.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet/Elevundersøkinga

Tydeleg samanheng mellom trivsel, mobbing og krenkingar

Mens det er eit mindretal av elevane som ikkje trivst på skolen, ser vi i Elevundersøkinga at dei som trivst minst, i stor grad blir utsette for krenkjande handlingar. Blant dei som trivst litt, eller ikkje i det heile, er det omtrent sju av ti som blir utsette for krenkingar. Til samanlikning opplever éin av ti blant dei som trivst svært godt, å bli utsett for krenkingar.

Å bli gjord narr av og erta er mest utbreidd

Elevundersøkinga hausten 2013 viser at nesten 11 prosent av elevane har opplevd å bli gjorde narr av eller erta. Å bli gjord narr av eller erta er dei mest utbreidde krenkingane på alle trinn, bortsett frå på vidaregåande, der utfrysing er mest utbreidd (figur 5.10). 9 prosent av elevane frå 5. trinn til Vg3 svarer at dei er blitt haldne utanfor. 8 prosent har fått spreidd løgner om seg, og knappe 8 prosent har fått negative kommentarar om utsjånaden.

Dei meir direkte krenkingane skjer i mindre grad. Omtrent 3,5 prosent av elevane svarer at dei er blitt trua, og nesten like mange er slått, dytta, sparka eller haldne fast slik at dei blei redde.

Figur 5.10 Krenkingar og mobbing fordelt på trinn. 2013/14. Prosent.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet/Elevundersøkinga

Tendens til mindre mobbing

I 2012 svarte nesten 7 prosent at dei blei mobba to til tre gonger i månaden eller oftare. I 2013 var talet litt over 4 prosent. Det er vanskeleg å slå fast om dette kjem av ein reell nedgang i mobbinga, eller om det kjem av metodiske endringar i Elevundersøkinga. Det var òg ein mindre nedgang i prosentdelen elevar som blei mobba, frå 2011 til 2012, altså før Elevundersøkinga blei endra.

PISA-undersøkinga viser at også norske skoleleiarar opplever at det er ein nedgang i talet på elevar som mobbar eller truar, frå 2003 til 2012.

Krenkingar

Ei krenking er ei handling der intensjonen er å skade eller skape ubehag. Ei krenking kan vere eit eingongstilfelle, mens mobbing skjer over tid. Mobbing inneber at éin eller fleire rettar negativ åtferd mot ein elev som har vanskeleg for å forsvare seg.

Færre krenkingar og mindre mobbing jo eldre elevane blir

Prosentdelen elevar som blir utsette for krenkjande handlingar og mobbing, går ned etter som elevane blir eldre (figur 5.10). Unnataket er ein auke frå 8. trinn til 9. og 10. trinn. Prosentdelen elevar som opplever mobbing og krenkingar, er størst blant dei yngste elevene og lågast i Vg3. Færrast elevar opplever dei meir valdelege krenkingane, som truslar, slag og spark.

Jenter opplever i større grad utfrysing, mens gutar er meir utsette for vald og truslar

På alle trinn blir fleire gutar enn jenter utsette for vald og truslar. Fleire jenter enn gutar opplever indirekte krenkingar som erting, utfrysing, kommentarar om utsjånaden eller løgner. Dette gjeld frå 7. trinn til og med Vg1. Jenter opplever i større grad enn gutar å bli haldne utanfor på alle trinn. Forskjellen mellom prosentdelen gutar og prosentdelen jenter som blir utsette for indirekte krenkingar, er klart størst på ungdomstrinnet. Til dømes opplever i overkant av 7 prosent av gutane på 9. trinn at dei blir haldne utanfor, mens nesten 13 prosent av jentene opplever det same.

Både når det gjeld mobbing og når det gjeld krenkingar blant jenter, er det ein tydeleg nedgang i omfanget frå Vg2 til Vg3. Blant gutar er det liten forskjell mellom desse trinna.

Jenter rapporterer i større grad enn gutar om mobbing på ungdomstrinnet

Det er mindre forskjell mellom prosentdelen gutar og prosentdelen jenter som blir mobba i 2013, enn det var i 2012. Gutar svarer framleis i større grad enn jenter at dei blir mobba, men forskjellen er mindre enn før. Mens prosentdelen gutar som opplever mobbing, er blitt større for kvart trinn i tidlegare undersøkingar, er det no fleire jenter enn gutar som melder om mobbing på ungdomstrinnet (figur 5.11). Forskjellen mellom kjønna er størst på 5. trinn, der nesten to prosentpoeng fleire gutar enn jenter opplever mobbing. På ungdomstrinnet snur det – på 8. trinn er det så vidt fleire jenter enn gutar som svarer at dei blir utsette for mobbing. På 9. trinn er det nesten eitt prosentpoeng fleire jenter som blir mobba enn gutar. På vidaregåande er det igjen fleire gutar enn jenter som opplever mobbing.

Figur 5.11 Forskjell i mobbing mellom jenter og gutar. 2013/14. Prosentpoeng.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet/Elevundersøkinga

Skolen får i minst grad kjennskap til verbale krenkingar

Det er i størst grad konkrete krenkingar som erting, vald og truslar skolen får vite om. Blant elevane som er blitt utsette for vald på skolen, seier ein fjerdedel at skolen har «gjort noko» eller «mykje» for å handtere det (figur 5.12).

Skolen får i minst grad kjennskap til krenkingar som negative kommentarar om utsjånaden, å bli spreidd løgn om og å bli halden utanfor (figur 5.12). Bortimot halvparten av tilfella der ein elev er blitt utsett for negative kommentarar om utsjånaden, får ikkje skolen vite om. Ifølgje elevane har skolane i drygt 15 prosent av tilfella gjort noko med denne krenkinga.

Figur 5.12 Kva skolen veit om, og kva skolane gjer noko med. 2013/14. Prosent.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet/Elevundersøkinga

Det er vanlegast å bli mobba av andre elevar i klassen

Elevar står for det meste av mobbinga, men mange rapporterer òg at dei blir mobba av lærarar eller andre vaksne på skolen. Prosentdelen elevar som seier dei blir mobba av lærarar, viser ein svak nedgang frå 2007 til 2012.

Lærlingundersøkinga

Lærlingundersøkinga gir lærlingar høve til å formidle oppfatningar om opplæringa og andre forhold som er sentrale for læringsutbyttet og læringsmiljøet.

Det er fylka som vel å gjennomføre Lærlingundersøkinga. Det er frivillig å delta. Tala vi presenterer her, er baserte på omtrent 7000 svar frå våren 2013. Gjennomføringstidspunktet for undersøkinga har sidan endra seg frå vår til haust. På grunn av låg svarprosent både på nasjonalt nivå og i enkelte fylke kan ikkje lærlingundersøkinga gi eit representativt bilete av læringsutbyttet og læringsmiljøet til lærlingane.

Mobbing i lærebedrift

Lærlingundersøkinga har det same spørsmålet om mobbing som Elevundersøkinga. I 2013 seier 3,5 prosent av lærlingane at dei blir mobba. Det er ein større del enn den prosentdelen som seier at dei blir mobba i Vg3 i Elevundersøkinga 2013. Fleire jenter enn gutar svarer at dei blir mobba i lærebedrift, mens det er motsett for elevar i Vg3.

Forskjellar på tvers av ulike utdanningsprogram

Det er forskjellar i omfanget av mobbing innanfor ulike utdanningsprogram. I programma med mest mobbing er det meir enn tre gonger så mange lærlingar som blir mobba, som i programmet med minst mobbing (figur 5.14).

Figur 5.13 Lærlingar som blir mobba, fordelte på utdanningsprogram. 2013. Prosent.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet/Lærlingundersøkinga