5.4 Motivasjon og utbytte av skolearbeidet

Motivasjon og meistring hos elevane kan styrkje konsentrasjonen om arbeidet og gi mindre sosiale og emosjonelle vanskar (Manger 2005, Brophy 2013).

Tre av fem elevar gleder seg ofte eller alltid til å gå på skolen

Motivasjonen blant elevane er stabil over tid. Det er inga tydeleg endring frå 2007 til 2013. Nær åtte av ti er interesserte i å lære, litt over halvparten, 56 prosent, liker skolearbeidet, mens litt fleire, 62 prosent, gleder seg til å gå på skolen. Den prosentdelen av elevane som er interessert i å lære, som liker skolearbeidet, og som gleder seg til å gå på skolen, er mindre på 9. og 10. trinn enn på tidlegare trinn (figur 5.6). Interessa for å lære er lågast på ungdomstrinnet, mens elevane blir meir motiverte for skolen i Vg1. Elevar i Vg3 er dei som i minst grad gleder seg til, og liker å gå på, skolen, høvesvis 20 og 28 prosentpoeng lågare enn på 5. trinn.

Figur 5.6 Elevmotivasjon. Delen elevar som svarer positivt på påstandane. 2013/14. Prosent.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet/Elevundersøkinga

Elevar synest det dei lærer på skolen er viktig, men ikkje nødvendigvis nyttig

Kor relevant elevar oppfattar at skolen er, kan påverke motivasjonen og interessa for skolearbeidet.

Over 70 prosent av elevane synest det dei lærer på skolen, er viktig. Færre, om lag halvparten, meiner det dei lærer, er nyttig, anten seinare i livet eller i jobbsamanheng (figur 5.7).

PISA-undersøkinga tek òg opp i kor stor grad elevane opplever skolen som nyttig og relevant. Åtte av ti svarer at dei har lært ting på skolen som kan vere nyttige i jobbsamanheng. Berre éin av ti opplever at skolen er bortkasta tid. Totalt scorar Noreg noko lågare på utsegnene om utbytte av skolen enn gjennomsnittet i OECD. Noreg scorar òg lågare enn dei andre nordiske landa (Kjærnsli og Jensen 2013).

Figur 5.7 Kor relevant elevane opplever skolen. Delen elevar som er «litt» eller «heilt einig» i påstandane. 2013/14. Prosent.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet/Elevundersøkinga

Figur 5.8 Elevanes utbytte av skolen. Delen elevar som er einige i påstandane. Perioden 2003–2012. Enkeltståande punkt viser OECD-gjennomsnittet i 2012. Prosent.

Kilde: PISA