5.3 Faglege utfordringar og meistring

Elevane opplever faglege utfordringar når dei får oppgåver som dei har ein realistisk føresetnad for å meist­re. Samtidig er det viktig at oppgåvene ikkje er for lette og blir kjedelege.

Halvparten av norske tiandeklassingar opplever høg grad av både meistring og utfordringar

Omtrent halvparten av norske tiandeklassingar opplever at undervisninga er fagleg utfordrande, samtidig som dei opplever meistring (figur 5.5). Omtrent 14 prosent av elevane i 10. klasse opplever at dei meist­rar skolearbeidet, men at dei ikkje blir utfordra fagleg. Blant dei er det fleire gutar enn jenter. Om lag ein fjerde­del av elevane opplever at skolearbeidet er utford­rande, men samtidig at dei ikkje meistrar arbeidet, og at skole­arbeidet er for vanskeleg. Blant dei er det fleire jenter enn gutar.

Ein kan gå ut frå at elevar som opplever både stor grad av fagleg utfordring og høg grad av meistring, opplever at undervisninga er krevjande, men ikkje så vanskeleg at dei ikkje meistrar arbeidet. Det kan vere eit uttrykk for at dei opplever at dei får ei generelt godt tilpassa undervisning.

Elevar som møter mange utfordringar utan opplevinga av å meistre, oppnår generelt lågare karakterar. Både høgt og lågt presterande elevar er likevel representerte i alle dei tre gruppene i figur 5.5.

Figur 5.5 Oppleving av fagleg utfordring og meistring, 10. trinn. 2013/14. Prosent.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet/Elevundersøkinga