5.2 Skole-heim-samarbeid

Heimen og skolen er gjensidig avhengige av kvarandre og viktige for barn og unges læring og utvikling (Nordahl 2007). Støtte frå foreldra har stor effekt på utvikling og læringsutbytte hos barn (Melhuish mfl. 2001, Desforges og Abouchaar 2003).

Fire av ti elevar opplever alltid støtte heimanfrå

I Noreg opplever drygt tre av fire elevar at dei heime av og til eller alltid viser interesse for det dei gjer på skolen (figur 5.4). Noko færre opplever oppmuntring i arbeidet, mens det er færrast som seier at dei får god hjelp med leksene sine.

Elevar opplever mindre støtte til leksearbeidet etter kvart som dei blir eldre og skolearbeidet blir vanskelegare. Prosentdelen elevar som meiner dei får god hjelp til lekser, blir halvert frå 5. trinn til Vg3. Endringa er mindre når det gjeld dei elevane som opplever interesse og oppmuntring heimanfrå. Der er nedgangen på høvesvis 21 og 18 prosentpoeng.

Analysar av Elevundersøkinga viser at jo meir støtte ein elev opplever heimanfrå, desto større er motivasjonen og innsatsen.

Figur 5.4 Elevar som opplever støtte heimanfrå. Delen som svarer «alltid» eller «nokre gonger». 2013/14. Prosent.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet/Elevundersøkinga