5.1 Læringsmiljø

Elevundersøkinga og PISA-undersøkinga

Elevundersøkinga og PISA-undersøkinga Elevundersøkinga er blitt revidert, og eit nytt spørjeskjema blei teke i bruk hausten 2013. Det er obligatorisk for skolane å gjennomføre undersøkinga på 7. trinn, 10. trinn og Vg1. kvart år. Éi av endringane i undersøkinga er at elevane no blir spurde om krenkingar og ikkje berre om mobbing. Når elevane først svarer på spørsmål om krenkingar, kan det vere med og påverke korleis dei svarer på spørsmålet om mobbing.

PISA-undersøkinga blei sist gjennomført i Noreg i 2012. PISA-undersøkinga blir gjennomført på eit utval norske elevar, mens Elevundersøkinga blir gjennomført for alle elevar frå 5. trinn til Vg3. Totalt har over 400 000 elevar svart på Elevundersøkinga hausten 2013.

Se meir om PISA-undersøkinga i kapittel 4.

Med læringsmiljø meiner vi dei samla kulturelle, relasjonelle og fysiske forholda på skolen som har betydning for læringa, helsa og trivselen til elevane. Læringsmiljøet handlar om relasjonar mellom elevane, og mellom eleven og læraren. Læringsmiljøet blir forma av korleis læraren leier undervisninga og klassen, og av korleis skolen blir leidd og organisert. I tillegg er samarbeidet mellom skolen og heimen viktig for eit godt læringsmiljø.

Vi har fleire kjelder som gir oss informasjon om læringsmiljøet til norske elevar, først og fremst Elevundersøkinga, som Utdanningsdirektoratet gjennomfører årleg. PISA-undersøkinga fangar òg opp aspekt ved læringsmiljøet.

Relasjonar mellom lærarar og elevar

Ein god relasjon mellom lærar og elev er viktig for ei god klasseleiing. Ein støttande lærar gir både emosjonell og fagleg støtte. Å gi fagleg støtte inneber å støtte opp under læringa, mens emosjonell støtte handlar om den sosiale situasjonen til eleven (Bru 2011) og at det er eit varmt og godt personleg forhold mellom eleven og læraren.

I den norske elevundersøkinga seier fire av fem elevar frå 5. trinn til Vg3 at dei opplever at dei fleste eller alle lærarane er støttande både fagleg og emosjonelt. Ein stor del, 84 prosent, opplever at dei fleste eller alle lærarane gir god hjelp. Samtidig opplever 75 prosent å få hjelp slik at dei forstår det dei jobbar med.

Elevar som opplever ein trygg og støttande lærar, utviklar færre åtferdsproblem og viser større engasjement i klassen. Uavhengig av ferdigheitsnivå viser forsking at elevar lærer meir når dei kjem godt overeins med læraren (Hamre og Pianta 2001, Hughes mfl. 2012). Ein gjennomgang av 99 ulike studiar viste at forholdet mellom elev og lærar heng saman med utvikling og faglege framsteg hos elevane gjennom hele utdanningsløpet (Roorda mfl. 2011).

Figur 5.1 Delen elevar som svarar positivt på påstandane om støtte frå lærarane. 2013. Prosent.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet/Elevundersøkinga

Viktig for innsats og motivasjon hos elevane at lærarane trur på dei

Ein støttande lærar trur på og har forventningar til eleven (Marzano 2009). Analysar av Elevundersøkinga viser at det er ein samanheng mellom at læraren trur at eleven kan gjere det bra, og innsatsen og motivasjonen til elevane. At læraren har positive forventningar til eleven, er viktig for å motivere, og det er positivt for læringsutbyttet.

Betre forhold mellom elevar og lærarar

PISA-undersøkinga spør òg om i kor stor grad elevane opplever lærarstøtte. Resultata viser at det er ei forbet­ring på dei fleste områda som gjeld forholdet mellom elevar og lærarar, frå 2009 til 2012 (figur 5.2).

Også skoleleiarane opplever at relasjonen mellom lærar og elev er blitt betre (figur 5.3). PISA-undersøkinga viser at problem med forstyrring, manglande respekt og mobbing – forhold som hemmar læringa – er blitt mindre dei siste åra.

Figur 5.2 Forholdet mellom lærarar og elevar. Delen elevar som er einige i påstandane. 2003, 2009 og 2012. Prosent.

Kilde: PISA

Figur 5.3 Delen som svarer at fenomena «i nokon grad» eller «mykje» hindrar læringa til elevane. 2000–2012. Prosent.

Kilde: PISA