Kapittel 5

Læringsmiljø

Alle elevar har rett til eit godt og inkluderande læringsmiljø. Eit godt læringsmiljø er viktig for at elevane skal trivast på skolen, men det har òg stor betydning for elevane sitt læringsutbytte.

I dette kapitlet ser vi blant anna på kva elevane sjølve rapporterer om relasjonane til lærarane sine, om samarbeidet mellom skole og heim, fagleg utfordring, meistring, motivasjon, utbytte av skolearbeidet, trivsel og mobbing.