3.6 Trivsel og utvikling

Personalet er som før nemnt ein av dei viktigaste kvalitetsfaktorane i barnehagen. Eit høgt utdanna personale kan bidra positivt til trivsel og utvikling hos barna. Internasjonal forsking viser at gode barnehagar er positivt for den språklege og kognitive utviklinga, særleg for barn frå vanskelegstilte familiar (Ramey mfl. 2000, Sylva mfl. 2004, Gormley og Gayer 2004). Forskingsresultata varierer meir når det gjeld kjenslemessig og sosial utvikling (Meld. St. 24 (2012–2013)). Ein grunnleggjande premiss er at barnehagen har god kvalitet og er kjenneteikna av eit godt samspel mellom barn og vaksne.

Gratis kjernetid

I nokre byområde med høg prosentdel barn med innvandrarbakgrunn finansierer staten forsøk med gratis kjernetid i barnehage. Alle barna i området får tilbod om 20 timar gratis barnehage per veke. Hovudformålet med forsøket er å førebu barna på skolestart, bidra til sosialisering og betre norskkunnskapane til minoritetsspråklege barn.

Betre språk, særleg for gutar

Den norske mor og barn-undersøkinga viser at barn som har gått i barnehage, sjeldnare har forseinka språkutvikling enn barn som ikkje har gått i barnehage (Lekhal mfl. 2010). God relasjon mellom vaksne og barn i barnehagen ser ut til å henge saman med betre språkleg fungering hos barna (Engvik mfl. 2014).

Data frå mor og barn-undersøkinga tyder også på at barnehageutbygginga mellom 2003 og 2008 har redusert forskjellen i språkvanskar mellom barn frå låginntektsfamiliar og andre barn (Dearing mfl. 2014). Ei anna norsk undersøking viser at det er ein samanheng mellom kor mange år barn har gått i barnehagen, og språkkompetansen deira når dei er fire år, men at dette berre gjeld for gutar (Zachrisson mfl. 2014). Jo lengre tid gutane hadde gått i barnehagen, desto betre språkkompetanse, det vil seie forståing av omgrep, hadde dei. Blant jentene var det lite som tydde på at tid i barnehagen hadde samanheng med språkkompetanse.

Minoritetsspråklege jenter gjer det betre

«Deltakelse i barnehagetilbud av god kvalitet er viktig for at minoritetsspråklige barn skal ha de samme forutsetningene for læring som øvrige elever når de begynner på skolen» (Meld. St. 24 (2012–2013)).

Ei evaluering viser at i bydelar med tilbod om gratis kjernetid i barnehage presterer barn med innvandrarbakgrunn betre på kartleggingsprøver i lesing og rekning i 1. klasse enn i bydelar utan eit slikt tilbod (Drange 2013). Det er særleg resultata i lesing som er betre. Ein tidlegare studie finn særleg store effektar av gratis kjernetid for jenter (Drange og Telle 2010).

Vidare ser det ut til at effekten er stor for barn frå innvandrarfamiliar med låg inntekt og der mor har låg utdanning eller svak tilknyting til arbeidsmarknaden (Drange 2013). Tiltaket med gratis kjernetid lykkast også i å rekruttere fleire barn med innvandrarbakgrunn til barnehagen. Gratis kjernetid rekrutterte ikkje fleire barn utan innvandrarbakgrunn til barnehagen, og forskarane fann heller ingen effekt på skoleprestasjonane til desse barna i 1. klasse.

Ikkje auka åtferdsproblem

I Noreg går 80 prosent av eitt- og toåringane i barnehage. Det er eit høgt tal samanlikna med mange andre land, og tidleg barnehagestart har vore mykje diskutert. Resultat frå mor og barn-undersøkinga tyder ikkje på at tidleg barnehagestart heng saman med åtferdsproblem (Lekhal 2012). Barn som gjekk i ordinær barnehage da dei var halvanna år, hadde færre emosjonelle problem, som å vere lei seg eller redd, da dei var tre år, enn barn som ikkje gjekk i barnehage. Lange dagar i barnehagen mens barna er små, ser heller ikkje ut til å føre til større grad av åtferdsvanskar (Zachrisson mfl. 2013). Norske forskarar finn i hovudsak ikkje at åtferdsproblem aukar hos barn som går i barnehage i Noreg.

Ei undersøking frå Trondheim viser at tid i barnehage og gruppestorleik verken har negative eller positive konsekvensar for sosial kompetanse og problemåtferd hos barn når dei er 4,5 år (Solheim mfl. 2013).

Vanskelegare å nå dei utsette barna spesielt

I ein nyare dansk intervensjonsstudie var hovudmålet å betre læringa og trivselen til sosialt utsette barn i barnehagen. For å nå målet gjekk styrarar og pedagogisk personale i utvalde barnehagar gjennom eit modellprogram over to år – VIDA – som la vekt på systematisk arbeid med læring og endringsprosessar i barnehagane. VIDA-programmet viste seg å ha ein positiv effekt på dei sosio-emosjonelle ferdigheitene til barna og trivselen generelt, men det hadde ikkje spesiell effekt på ferdigheitene til dei mest utsette barna spesielt (Jensen mfl. 2013).

Ikkje alle barn trivst like godt

Eit av sektormåla i barnehagesektoren er at alle barn skal få delta aktivt i ein inkluderande fellesskap. Foreldreundersøkingar har i fleire år vist at foreldre er svært fornøgde med barnehagetilbodet (Difi 2013, Moafi og Bjørkli 2011). Når barna sjølve blir spurde om kor godt dei trivst i barnehagen, er svara litt meir nyanserte. Ei kartlegging av læringsmiljøet i barnehagane i Kristiansand viser at sjølv om dei fleste barna trivst bra, er det om lag 13 prosent av barna som mistrivst (Nordahl mfl. 2013). Dei uttrykkjer at dei ikkje alltid likar å gå i barnehagen, og dei er også utsette for erting og plaging av andre barn. Om lag 40 prosent seier at dei blir erta i ein slik grad at dei blir lei av det. Desse funna er i tråd med ei anna norsk trivselsundersøking der barna sjølve blei spurde (Bratterud mfl. 2012).