3.5 Foreldrebetaling

Foreldrebetaling

«Foreldrebetaling for en plass i barnehage skal ikke settes høyere enn en maksimalgrense. Betaling for kost kan komme i tillegg. Maksimalgrensen blir fastsatt i Stortingets årlige budsjettvedtak. Maksimalgrensen gjelder for et heldags ordinært barnehagetilbud innenfor gjeldende lov og forskrifter. Med heldagstilbud menes avtalt ukentlig oppholdstid på 41 timer eller mer.»
(Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar, § 1)

Eit av dei fem måla for barnehagesektoren er at prisen for ein barnehageplass skal vere så låg at alle som ønskjer det, skal ha råd til å ha barn i barnehage. Etter ein lang periode med reell nedgang i foreldrebetalinga blei maksimalprisen auka noko i januar 2014.

Foreldre betaler om lag 15 prosent av det ein barnehageplass kostar. Frå 1. janar 2014 var maksimalprisen for ein heiltidsplass i barnehagen 2405 kroner per månad. Kostpengar kan komme i tillegg. I 2013 tok 75 private og 1 kommunal barnehage meir enn maksimalpris (Utdanningsdirektoratet). Frå 2005 til 2014 har maksimalprisen for foreldrebetalinga blitt redusert frå 2750 til 2405 kroner per månad.

Auke i foreldrebetalinga

Foreldrebetalinga er i snitt noko høgare i private enn i kommunale barnehagar (Scheistrøen 2013). Frå januar 2013 til januar 2014 auka foreldrebetalinga i barnehagane med 3 prosent. Auken i foreldrebetaling var noko større i kommunale barnehagar (3,3 prosent) enn i private (2,6 prosent) (SSB 2014c). Endringane i foreldrebetalinga må i stor grad sjåast i samanheng med stortingsvedtaket om å auke maksimalgrensa for foreldrebetaling for eit heiltidstilbod i barnehage frå 2330 kroner per månad i 2013 til 2405 kroner per månad i 2014. I tala inngår også eventuelle endringar i kostpengar og andre ekstrakostnader som skal dekkje utflukter og liknande.

Størst auke i kommunale barnehagar i Agder-fylka og Rogaland

Statistisk sentralbyrå (SSB) publiserer regionale endringstal for kommunale barnehagar. Frå 2013 til 2014 auka foreldrebetalinga mest i kommunale barnehagar i Agder-fylka og Rogaland (SSB 2014c). Auken var på 4,8 prosent i alle tre fylka. I same periode var det lågast vekst i foreldrebetalinga i kommunale barnehagar i Nord-Noreg (1,9 prosent) og Sør-Austlandet (2,6 prosent).

Kostpengane aukar

Kostpengar kan komme i tillegg til vanleg foreldrebetaling. Dei skal i så fall dekkje faktiske utgifter til måltid i barnehagen, det vil seie sjølvkost. Foreldre betalte i snitt 248 kroner per månad i kostpengar i 2013, mot 215 kroner i 2010, viser tal frå Utdanningsdirektoratet. Private barnehagar tek i snitt meir i kostpengar enn kommunale. I 2013 tok 45 prosent av dei private 300 kroner eller meir i kostpengar per månad, mens dette gjaldt berre 24 prosent av dei kommunale barnehagane.

Éin av fire kommunar har inntektsgraderte betalingssatsar

I 2013 hadde 23 prosent av kommunane inntektsgraderte betalingssatsar (Scheistrøen 2013). Det er stor variasjon i korleis inntektsgraderinga er utforma, både når det gjeld inntekta det blir referert til, kor høg inntekt hushaldet kan ha, og kor stor reduksjonen er. Alle kommunane med inntektsgradert system tilbyr redusert betaling til familiar som har under 150 000 kroner i bruttoinntekt.

Regional variasjon i bruk av inntektsgradering

Det er store regionale skilnader når det gjeld bruk av inntektsgraderte satsar. Oslo og så å seie alle kommunane i Akershus har graderte satsar. I Vestfold, Telemark og Aust-Agder tilbyr minst halvparten av kommunane inntektsgradering. Det same gjer mange av kommunane i Hordaland og Rogaland. Det er derimot ingen kommunar frå Nord-Trøndelag, Nordland og Troms som rapporterer at dei tilbyr inntektsgradering.

Mange store kommunar har inntektsgradering – dei små nesten ikkje

Det er særleg dei større kommunane som tilbyr inntektsgraderte satsar. 19 av dei 32 mest folkerike kommunane har inntektsgradering. Av dei 139 minste kommunane tilbyr berre 18 graderte satsar. Nesten halvparten av alle barn i kommunale barnehagar høyrer til ein kommune som har inntektsgradering.

Moderasjonsordningar

Ifølgje forskrift om foreldrebetaling i barnehagar skal alle kommunar ha ordningar som kan tilby dei barnefamiliane som har lågast betalingsevne, ein reduksjon i eller fritak for foreldrebetaling. Ordningane skal også omfatte dei ikkje-kommunale barnehagane i kommunen. Det er opp til den enkelte kommune å finne eigna løysingar.

Friplassar og andre moderasjonsordningar

9 prosent av alle kommunar tilbyr friplassar som er spesifiserte i det ordinære betalingssystemet til barnehagen (Scheistrøen 2013). 70 prosent av kommunane tilbyr friplass etter særskild behandling, gjennom sosialkontor, barnevernsnemnd eller skolekontor, mens 58 prosent av kommunane tilbyr moderasjonsordningar utanfor det ordinære betalingssystemet til barnehagane. 14 prosent av kommunane seier at dei ikkje har andre moderasjonsordningar enn regelbunden søskenmoderasjon. To kommunar tilbaud gratis barnehageplass i 2013.