3.4 Pedagognorma

Pedagognorma

Ifølgje forskrift om pedagogisk bemanning skal det vere minimum éin pedagogisk leiar per 14–18 barn når ­barna er over 3 år, og éin pedagogisk leiar per 7–9 barn når barna er under 3 år og den daglege opphaldstida er på over 6 timar. I barnehagar der barna har kortare opphaldstid per dag, kan talet på barn per pedagogisk leiar aukast noko.

Stadig fleire barnehagar oppfyller pedagognorma

Sidan 2009 har talet på pedagogiske leiarar med godkjend utdanning i barnehagane auka, og det er stadig fleire barnehagar som oppfyller pedagognorma. Dette har skjedd samtidig som talet på barnehagebarn har auka. Vidare i kapitlet omtaler vi berre ordinære barnehagar.

49 prosent av dei ordinære barnehagane oppfylte pedagognorma utan dispensasjonar i 2013, mot 39 prosent i 2012. Denne auken på 10 prosentpoeng føyer seg inn i ein positiv trend. Det er 1500 fleire barnehagar som oppfyller pedagognorma i 2013, samanlikna med 2009. Men framleis har berre halvparten av barnehagane mange nok pedagogiske leiarar med godkjend pedagogisk utdanning.

Figur 3.7 Barnehagar som oppfyller pedagognorma, både med og utan dispensasjon frå utdanningskravet. 2009–2013. Prosent.

Kjelde: BASIL/Utdanningsdirektoratet

Litt over halvparten av barna går i ein barnehage med tilstrekkeleg pedagogisk personale

Store barnehagar oppfyller pedagognorma oftare enn små. I 2013 gjekk om lag 52 prosent av barna i ein barnehage som oppfylte norma utan å bruke dispensasjonar frå utdanningskravet. I 2009 gjaldt dette 24 prosent. 132 000 barn går i ein barnehage som ikkje oppfyller kravet til pedagogisk bemanning. Det er liten forskjell mellom kommunale og private barnehagar når det gjeld talet på pedagogiske leiarar med godkjend utdanning. Sjølv om barnehagen ikkje oppfyller norma, kan det vere tilsette med pedagogisk kompetanse i barnehagen.

Pedagogiske leiarar

Pedagogiske leiarar må ha utdanning som barnehagelærar eller anna likeverdig utdanning. Likeverdig med barnehagelærarutdanning er anna treårig pedagogisk utdanning på høgskolenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.

Kommunen kan innvilge mellombels dispensasjon frå utdanningskravet for pedagogisk leiar for inntil eitt år om gongen. I enkelte tilfelle kan ein også gi varig dispensasjon.

Barnehagane manglar i hovudsak éin pedagog

65 prosent av barnehagane som i dag ikkje oppfyller pedagognorma, manglar berre éin pedagogisk leiar med godkjend utdanning. Det gjeld om lag 1750 barnehagar. 24 prosent av barnehagane vil oppfylle kravet med to nye pedagogiske leiarar. I 2009 mangla det 7050 pedago­giske leiarar med godkjend utdanning, mens talet i 2013 var redusert til 4250. Om lag 1000 barnehagar over­oppfyller norma.

Éin av fire barnehagar oppfyller norma gjennom dispensasjonar frå utdanningskravet

I 2013 mangla ein fjerdedel, det vil seie 1300 av barnehagane, éin eller fleire pedagogiske leiarar sjølv når dispensasjonane frå utdanningskravet tel med, jamfør figur 3.7. Det er ein reduksjon på om lag 40 prosentpoeng frå 2009. Prosentdelen barnehagar som oppfyller pedagognorma gjennom dispensasjonar frå utdanningskravet, har auka – frå 13 prosent i 2009 til 25 prosent i 2013.

Store regionale forskjellar

Det er store forskjellar mellom fylka når det gjeld barnehagar som oppfyller norma, viser figur 3.8. I Oslo, Akershus, Rogaland og Møre og Romsdal er det mange barnehagar som manglar pedagogiske leiarar, mens 75 prosent av barnehagane i Vestfold, Telemark og Østfold oppfyller norma.

Alle fylka har hatt ein auke i talet på barnehagar som har nok pedagogiske leiarar med godkjend utdanning. Størst har auken vore i Østfold, Vestfold, Hordaland og Telemark. Frå 2009 til 2013 har over 40 prosent av barnehagane i desse fylka klart å rekruttere nok pedagogiske leiarar utan å bruke dispensasjonar frå utdanningskravet.

Ein del fylke har hatt ein langt lågare vekst. I Rogaland, Akershus og Møre og Romsdal har auken vore på under 20 prosent. I desse fylka har omtrent 30 prosent av barnehagane tilstrekkelig pedagogisk bemanning.

Figur 3.8 Barnehagar som oppfyller pedagognorma utan dispensasjon frå utdanningskravet, etter fylke. 2009 og 2013. Prosent.

Kjelde: BASIL/Utdanningsdirektoratet

Stor variasjon mellom kommunane

Det er store variasjonar mellom kommunane når det gjeld talet på barnehagar som oppfyller norma med pedagogiske leiarar med godkjend utdanning, jamfør kartet.

Figur 3.9 Barnehagar i kommunane som oppfyller pedagognorma med pedagogiske leiarar med godkjent utdanning. 2013. Prosent.

Kjelde: BASIL/Utdanningsdirektoratet