3.3 Tilsette

Barnehagelærar

I 2013 blei det innført ei ny barnehagelærar­utdanning, og frå hausten 2013 blei yrkes­tittelen endra frå før­skolelærar til barnehagelærar. I dette kapitlet brukar vi derfor tittelen ­barnehagelærar.

Eit av dei fem sektormåla er at barnehagen skal vere ein god arena for omsorg og leik, læring og danning. Barne­hagen er eit pedagogisk tilbod der mange faktorar med­verkar til kvaliteten. To viktige indikatorar på kvalitet er kompetansen hos personalet og talet på tilsette per barn (Prop. 1 S (2013–2014)). Sjølv om mange av dei tilsette framleis manglar barnehagefagleg kompetanse, aukar både talet på og prosentdelen tilsette med barnehage­lærarutdanning og barne- og ungdomsarbeidarfag.

Gruppa pedagogiske leiarar aukar mest

Ved utgangen av 2013 utførte 93 600 tilsette om lag 74 400 årsverk i barnehagane. Frå 2009 til 2013 har talet på tilsette auka med om lag 8700 personar, av dei var nesten halvparten pedagogiske leiarar. Det er altså auken i talet på pedagogiske leiarar som utgjer den største delen av auken i tilsette i barnehagen dei siste fem åra. Frå 2012 til 2013 auka talet på pedagogiske leiarar med 2 prosent, noko som innebar 600 fleire stillingar. I same periode har det blitt om lag 100 færre assistentar og 50 fleire styrarar i barnehagane. For meir om årsverk og ressursbruk, sjå kapittel 2.

Stadig fleire tilsette med pedagogisk eller barnefagleg utdanning

Vidare i kapitlet presenterer vi tal for alle gruppene av tilsette med registrert utdanningsbakgrunn. Administrativt og merkantilt personale og anna lønt personale – til dømes vaktmeistrar og reinhaldarar – er ikkje med i talgrunnlaget.

Talet på tilsette med barnehagelærarutdanning har auka med om lag 4400, eller 2 prosentpoeng, sidan 2009. I same periode har talet på tilsette med barne- og ungdomsarbeidarfag auka med 2900. Figur 3.5 viser at prosentdelen tilsette med barne- og ungdomsarbeidarfag har auka frå 13 til15 prosent dei siste åra. Auken i tilsette med relevant utdanning har komme samtidig med ein generell auke i talet på tilsette. Gruppa «annan bakgrunn» rommar alt frå fullført grunnskole til høgare utdanning som ikkje inngår i dei andre kategoriane.

Figur 3.5 Utdanningsbakgrunnen til dei tilsette i barnehagen. 2009–2013. Prosent.

Kjelde: BASIL/Utdanningsdirektoratet

Fleire barne- og ungdomsarbeidarar i kommunale barnehagar

Prosentdelen med barnehagelærarutdanning, så vel som anna pedagogisk utdanning, er ganske lik i både kommunale og private barnehagar. Det er langt større forskjell når vi ser på barne- og ungdomsarbeidarar. Kommunale barnehagar har 18 prosent tilsette med barne- og ungdoms­arbeidarfag, mens private barnehagar har 10 prosent.

Regionale variasjonar i kva utdanning dei tilsette har

Det er regionale variasjonar i kva utdanning dei tilsette har. I Rogaland har under 31 prosent barnehagelærar­utdanning, mens det tilsvarande talet i Sør-Trøndelag er 45 prosent. Oslo skil seg ut med å ha heile 9 prosent tilsette med «anna pedagogisk utdanning». Her har dei andre fylka 5 prosent eller mindre.

Vest-Agder og Oppland har over 20 prosent barnehagetilsette med barne- og ungdomsarbeidarfag, mens Oslo berre har 7 prosent.

Figur 3.6 Utdanningsbakgrunnen til dei tilsette i barnehagen, etter fylke. 2009–2013. Prosent.

Kjelde: BASIL/Utdanningsdirektoratet

Menn i barnehagen

Ifølgje handlingsplanen Likestilling 2014 er det eit mål at 20 prosent av dei som arbeider i barnehage, skal vere menn. Ved utgangen av 2013 var om lag 9 prosent, eller litt over 6000, av dei tilsette i basispersonalet i barnehagen menn. I basispersonalet inngår personalet som arbeider med heile barnegruppa, det vil seie pedagogiske leiarar og assistentar. Talet på menn i barnehagen har halde seg stabilt dei siste fem åra. I same periode har talet på tilsette totalt auka.

I om lag 45 prosent av barnehagane er det menn i basis­personalet. 23 prosent av barnehagane har éin mann, 11 prosent har 2 menn og 11 prosent av barnehagane har 3 eller fleire menn. Ein knapp fjerdedel av mennene, om lag 1400 av dei 6000, er einaste mann i basispersonalet.

Det er mannlege styrarar i om lag 9 prosent av norske barnehagar. I 62 prosent av barnehagane med mannleg styrar er det også mannlege tilsette i basispersonalet.

Menn arbeider hovudsakleg i dei største barnehagane. Det arbeider menn i ein litt større del private barnehagar (50 prosent) enn i kommunale barnehagar (41 prosent).

Rettleiing av nyutdanna barnehagelærarar er meir utbreidd

Kunnskapsdepartementet og kommunesektorens organisasjon, KS, har ein intensjonsavtale om at alle nye lærarar og barnehagelærarar skal få rettleiing det første året i arbeidslivet. Rettleiarane bør vere erfarne lærarar eller barnehagelærarar med tilleggsutdanning i rettleiing.

Ei kartlegging viser at i 2014 har 61 prosent av barnehageeigarane og 60 prosent av barnehagestyrarane eit opplegg for å rettleie nyutdanna i barnehagen (Rambøll 2014). Det er ein auke samanlikna med 2012. Prosentdelen barnehageeigarar og barnehagestyrarar som seier at dei har ei rettleiingsordning, har auka i alle regionar, i både private og kommunale barnehagar og i store og små kommunar. Trøndelag og Nord-Noreg skil seg framleis ut, med færre barnehageeigarar som har innført ei rettleiingsordning.

67 prosent av dei nytilsette, nyutdanna barnehagelærarane svarer at barnehagen har eit opplegg for rettleiing. Av dei er 90 prosent med i rettleiingsordninga. Det er særleg barnehagelærarar i Oslo og Akershus og barnehagelærarar i kommunale barnehagar som har ei ordning for rettleiing. Forskjellen mellom kommunale og private barnehagar er blitt mindre – i 2012 var forskjellen på 31 prosentpoeng, mens han i 2014 berre var på 13 prosentpoeng.

Styrarengasjement og avsett tid er avgjerande

Barnehageeigarane som er spurde, meiner at engasjement frå styraren er den viktigaste faktoren for å få på plass ei rettleiingsordning. Styrarane meiner på si side at det å setje av tid i arbeidsplanane til rettleiaren og barnehagelæraren er den viktigaste faktoren.

Rettleiarane i barnehagane er stort sett pedagogiske leiarar eller barnehagestyrarar, og rettleiinga i barnehagen skjer i hovudsak i form av faste møte eller samlingar. Både barnehageeigarane, barnehagestyrarane og barnehagelærarane er svært positive til rettleiingsordninga.

Barnehagetilsette ønskjer å bli betre språklege rollemodellar

Å støtte barns tileigning av språk er ei av kjerneoppgåvene i barnehagen. Undersøkingar viser at kommunikasjon, språk og tekst er det fagområdet barnehagane jobbar mest med (Gulbrandsen og Eliassen 2013).

I ei kvalitativ undersøking svarer dei barnehagetilsette at dei har behov for å utvikle kompetansen som språklege rollemodellar i barnehagen i det allmenne språkarbeidet (Aspøy og Bråten 2014), det vil seie det språkarbeidet som er integrert i alle aktivitetane i barnehagen. Barnehagetilsette strekar også under behovet for å lære meir om heilt konkrete tema, særleg språkarbeid knytt til barn som på ulike måtar slit med språket.

Assistentar og barne- og ungdomsarbeidarar har trongare rammer for å delta i læringstiltak og fagleg refleksjon i arbeidskvardagen enn pedagogiske leiarar (Aspøy og Bråten 2014). Dei har som hovudregel ikkje avsett arbeidstid til dette, og er avhengige av at leiinga prioriterer kurs eller rettleiing for dei særskilt.