3.2 Barnehagar

I 2013 var det om lag 6200 barnehagar i Noreg. Det er om lag 100 færre enn i 2012. Det er i hovudsak talet på familiebarnehagar som har gått ned. Frå 2012 til 2013 blei det 80 færre familiebarnehagar. Sidan 2009 har talet på familiebarnehagar gått ned med nesten 30 prosent. I 2013 gjekk om lag 5700 barn i familiebarnehage.

Det er blitt fleire av dei største barnehagane og færre av dei minste dei siste fem åra. Nedgangen i talet på dei minste barnehagane heng saman med nedgangen i talet på familiebarnehagar.

Fleire av barna går i større barnehagar

Framleis går flest barn i barnehagar med mellom 51 og 75 barn, men prosentdelen barn som går i større barnehagar, har auka dei siste fem åra. Auken har vore særleg stor i barnehagar med meir enn 100 barn, viser figur 3.3. I 2013 gjekk 16 prosent, det vil seie 45 500 barn, i dei største barnehagane, mot 10 prosent i 2009.

Figur 3.3 Barn i barnehagar etter storleiken på barnehagen. 2009–2013. Prosent.

Kjelde: BASIL/Utdanningsdirektoratet

Litt over halvparten av barnehagane er privat eigde

I 2013 var 47 prosent av barnehagane kommunale og 53 prosent privat eigde. Prosentdelen private barnehagar har halde seg stabil dei siste fem åra. 70 prosent av dei minste barnehagane – det vil seie dei som har 25 eller færre barn – er private. Derfor går under halvparten av barna, 48 prosent, i private barnehagar.

Ein tredel av norske kommunar – i hovudsak småkom­munar – har berre kommunale barnehagar. Fem kommunar har berre private barnehagar. Også desse fem er småkommunar, og dei har færre enn ti barnehagar. I 35 prosent av norske kommunar er minst halvparten av barnehagane private. 11 prosent av kommunane har meir enn 70 prosent private barnehagar.

Fleire private barnehagar i sør og aust

Mindre enn 30 prosent av barnehagane i Sogn og Fjordane og Finnmark er private. I Akershus, Agder-fylka, Buskerud, Hordaland og Østfold er derimot over 60 prosent av barnehagane private, jamfør figur 3.4.

Figur 3.4 Delen private barnehagar etter fylke. 2013. Prosent.

Kjelde: BASIL/Utdanningsdirektoratet

Nasjonalt barnehagaregister

Nasjonalt barnehagaregister (NBR) er eit register over alle barnehagane i Noreg. Data i NBR er henta frå Einingsregisteret. NBR inneheld mellom anna eigarstruktur, tilknytingsstruktur og tilsynsstruktur. Registeret har også ein kartfunksjon. Strukturen i NBR dannar mellom anna grunnlag for korleis barnehagane kjem fram i statistikksystemet til Utdanningsdirektoratet.

Dei fleste private eig berre éin barnehage

Det er få private barnehageeigarar som eig mange barnehagar (Nasjonalt barnehagaregister (NBR)). Dei aller fleste private barnehageeigarar – om lag 3300 av 3450 private barnehageeigarar totalt – eig berre éin barnehage. Om lag 75 eigarar eig 3 barnehagar eller meir, og av dei er det knapt 30 som eig 5 barnehagar eller meir. Det er berre ei handfull som eig meir enn 25 barnehagar, og dei eig oftast barnehagar i mange fylke og på tvers av landsdelar.

Fleire barnehagar får tilsyn

Kommunane har etter barnehagelova plikt til å føre tilsyn med barnehagane. Kommunane gjennomfører fleire tilsyn no enn tidlegare, viser tal frå Utdanningsdirektoratet. I 2013 gjennomførte barnehagemyndigheitene stadleg og/eller skriftleg tilsyn i 64 prosent av barnehagane. Dette er ein auke på 6 prosentpoeng frå 2012. Om lag halvparten av barnehagane som hadde tilsyn, hadde stadleg tilsyn. Målet med tilsyna er å sikre at barnehagane er forsvarlege, og at dei blir drivne i tråd med barnehagelova. 68 prosent av dei private og 58 prosent av dei kommunale barne­hagane hadde tilsyn i 2013. For familiebarnehagane var talet 69 prosent.