3.1 Barn i barnehage

I 2013 gjekk nesten 287 200 barn i barnehage. Det er om lag 1000 fleire barn enn i 2012, men auken er mindre enn tidlegare år. Frå utgangen av 2003 og fram til utgangen av 2013 har om lag 82 000 fleire barn fått plass i barnehage. Om lag halvparten av barnehagane er kommunale og den andre halvparten ikkje-kommunalt eigde. Det er berre eit fåtal av dei ikkje-kommunale barnehagane som ikkje passar inn under merkelappen «privat barnehage». I dette kapitlet omtaler vi derfor barnehagar som private eller kommunale.

Høg og stabil dekningsgrad

Dekningsgraden – altså kor stor prosentdel barn som går i barnehage – er på 90 prosent for 1–5-åringar. Dette er kjernegruppa av barnehagebarn. Dei siste fem åra har dekningsgraden for denne aldersgruppa auka, men frå 2012 til 2013 var han i hovudsak uforandra, jamfør tabell 3.1.

Dekningsgraden i Noreg er høg samanlikna med mange andre land. I 2011 gjekk 67 prosent av treåringane i OECD-landa i barnehage, mens talet for EU-landa var 77 prosent (OECD 2013). Same året gjekk 95 prosent av norske treåringar i barnehage.

Figur 3.1 Barn i barnehage i ulike aldersgrupper. 2003–2013. Tal.

Kilde: SSB (Barnehagestatistikk)

Færre 0–2-åringar i barnehage

Talet på 0–2-åringar som går i barnehage, har gått ned med om lag 1850 sidan 2012. Dekningsgraden for eittåringar har gått ned med 0,7 prosentpoeng, mens deknings­graden for toåringane har auka med 0,1 prosentpoeng sidan 2012. Nedgangen for eittåringane gjeld i all hovudsak barn utan rett til barnehageplass. Dekningsgraden for toåringane har auka noko sjølv om det er 1000 færre toåringar i barne­hagen samanlikna med året før. Grunnen er at årskullet frå 2011 er relativt lite.

Berre 2 prosent av alle barnehagebarn går i familie­barnehage. Av barna som går i familiebarnehage, utgjorde 0–2-åringane 73 prosent i 2013. Det var 500 færre barn i denne aldersgruppa i familiebarnehagane samanlikna med 2012.

Tabell 3.1 Dekningsgrad barn i barnehage. 2007–2013. Prosent.

Alder 2009 2010 2011 2012 2013
0 år 4,4 4,2 4,3 3,8 3,2
1 år 68,6 70,4 70,9 69,6 68,9
2 år 85,9 87,4 88,0 90,5 90,6
3 år 94,5 95,1 95,1 95,3 95,3
4 år 96,9 97,1 97,2 97,1 96,9
5 år 97,3 97,4 97,3 97,6 97,5
1–5 år 88,5 89,3 89,7 90,1 90,0

Kilde: SSB (Barnehagestatistikk)

Flest barn utan rett til plass i private barnehagar

Stortinget innførte ein individuell rett til barnehageplass i 2009. Det inneber at barn som har fylt eitt år innan 1. september, har rett til barnehageplass same året dersom foreldra har søkt om plass innan fristen for hovudopp­taket. Retten skal oppfyllast innan utgangen av august det året det blir søkt om plass. Oppfyllinga av retten til plass er eitt av dei fem måla for barnehagesektoren. Hausten 2013 fekk så godt som alle barn med rett til plass tilbod om barne­hageplass innan utgangen av august. Innan midten av september hadde alle fått plass.

Til saman gjekk 11 300 barn utan rett til plass i barnehage i 2013. 1900 av barna var under eitt år, mens 9400 var eittåringar fødde etter utgangen av august. 65 prosent av barna utan rett gjekk i privat barnehage. Private barnehagar tek altså imot flest barn utan lovfesta rett til plass. Barnehageeigarar har rett til å definere sin eigen opptakskrets og sine eigne opptakskriterium i vedtektene sine.

Ved utgangen av 2013 var det om lag 400 færre eittåringar utan rett til plass i barnehage samanlikna med året før. Det kan vere fleire grunnar til det. Foreldra kan aktivt ha valt kontantstøtte etter auken i satsane for eittåringar i 2012. Det kan òg hende at dei ikkje fekk barnehageplass sjølv om dei hadde søkt. Det var 425 færre nullåringar i barnehage i 2013 enn i 2012.

Figur 3.2 Nullåringar og eittåringar utan rett til plass som går i barnehage, fordelte på private og kommunale barnehagar. 2010–2013. Tal.

Kjelde: BASIL/Utdanningsdirektoratet

Fleire minoritetsspråklege barn i barnehage

I 2013 gjekk om lag 37 900 minoritetsspråklege barn – barn av foreldre med eit anna morsmål enn norsk, samisk, svensk, dansk eller engelsk – i barnehage. Det er ein auke på om lag 3500 barn, eller 10 prosent, frå 2012. Auken har vore særleg stor blant eitt- og fire-åringane. Det siste året er det blitt 560 fleire minoritetsspråklege eittåringar og nesten 1100 fleire fireåringar i barnehagane. Dekningsgraden blant minorietsspråk­lege barn i aldersgruppa 1–5 år held fram med å auke, og er på 76,8 prosent i 2013, ein auke på nesten 2 prosentpoeng frå 2012. I same periode har talet på innvandrarar i denne alders­gruppa auka med om lag 4500. Dekningsgraden blant minoritets­språklege eittåringar har auka frå 36,5 prosent til 39,5 prosent.

Tabell 3.2 Dekningsgrad minoritetsspråklege barn i barnehage. 2009–2013. Prosent.

2009 2010 2011 2012 2013
1 år 33,0 34,5 36,8 36,5 39,5
2 år 55,5 56,8 59,4 68,2 72,3
3 år 81,8 84,1 83,7 85,5 86,0
4 år 92,4 93,0 94,5 92,0 93,4
5 år 95,2 94,7 96,4 96,9 95,3
1–5 år 71,1 71,7 73,0 75,0 76,8

Kilde: SSB (Barnehagestatistikk)

Barn med særlege behov

Barnehagen har eit særleg ansvar for å førebyggje vanskar og oppdage barn med særlege behov. For desse barna kan det vere aktuelt å gi eit spesielt tilrettelagt tilbod. Tilrettelegginga kan gjelde både sosiale, pedagogiske og/eller fysiske forhold i barnehagen. Sjå kapittel 7 for meir om inkludering av barn med særlege behov og omfanget av spesialpedagogisk hjelp til barn i barnehagen.

Nesten alle barnehagebarn har heiltidsplass

Frå 2009 til 2013 gjekk prosentdelen barnehagebarn med heiltidsplass opp frå 85 til 92. Av minoritetsspråklege barn i barnehagen har endå fleire, 94 prosent, heiltidsplass i 2013. Heiltidsplass i barnehage betyr at barnet har avtalt opphaldstid på 41 timar eller meir per veke. Avtalt og faktisk opphaldstid er ikkje nødvendigvis det same.

Auken i talet på barn med heiltidsplass har vore størst blant eitt- og toåringane. 92 prosent i denne aldersgruppa hadde heiltidsplass i 2013, mot 84 prosent i 2009. I Oslo og Akershus hadde heile 98 prosent av barna i barnehage heiltidsplass i 2013, mens talet for Oppland, i andre enden av skalaen, var 75 prosent.

Litt færre barn per årsverk

I 2013 var det 6,03 barn per årsverk i ordinære barne­hagar­. I 2009 var talet 6,19. Det betyr at det i snitt er blitt færre barn per årsverk dei siste fem åra. Når vi reknar barn per årsverk, vektar vi barn under to år som to barn, og vi tek omsyn til den avtalte opphaldstida for barna. I årsverka tel vi med basispersonalet, det vil seie pedagogiske leiarar og assistentar. Det er færre barn per årsverk i kommunale barne­hagar (5,88) enn i private (6,21). Det er også regionale forskjellar. Finnmark, Oppland, Troms og Sogn og Fjordane har i snitt under seks barn per årsverk, mens Østfold og Vest-Agder har meir enn seks. Av dei største norske byane ligg Oslo, Stavanger og Tromsø nær landsgjennom­snittet, mens Bergen, Trondheim, Drammen, Kristiansand og Fredrikstad har noko fleire barn per årsverk. Les meir om utviklinga i årsverk i barnehagane i kapittel 2.