Kapittel 3

Barnehagar

Aldri før har fleire barn i ­Noreg gått i barnehage enn no. ­Barnehagen er for dei aller ­fleste barn i dag eit viktig første skritt i eit langt utdanningsløp. I dette kapitlet presenterer vi ­nyare tal og ­forskings­resultat for barnehage­sektoren.

Vi ser på barnehagebarn og ­barnehagar, på utdanninga til dei barnehage­tilsette, på ­pedagognorma og foreldre­betaling. Vi tek
òg opp kva barnehagen har å seie for ­barnas trivsel og utvikling.