3 - Fakta om vidaregåande opplæring

3.7 Personalressursar og kompetanse

I dag jobbar det 26 400 lærarar i fylkeskommunale vidaregåande skolar. 54 prosent av lærarane er kvinner, men i dei eldste aldersgruppene er det flest menn (Figur 3.9).

Figur 3.9 Sysselsette lærarar i vidaregåande opplæring etter kjønn og alder. 4. kvartal 2016. Prosent. 

figur-3-9-sysselsette-laerarar-i-vidaregaande-opplaering-etter-kjonn-og-alder-4-kvartal-2016-prosent

Kjelde: Statistisk sentralbyrå (SSB)

Opplysningar om lærarar i vidaregåande

Frå og med skoleåret 2015-16 er A-ordninga ny kjelde for sysselsetjingstal. Tala om lærarane si utdanning kjem frå SSB. Vi har ikkje tal for lærarar i private vidaregåande skolar.

8 av 10 lærarar har universitets- eller høgskoleutdanning med pedagogikk

Over halvparten av lærarane har lågare universitets- eller høgskoleutdanning med pedagogikk. 28 prosent har høgare universitets- eller høgskoleutdanning med pedagogikk. 7 prosent av lærarane har vidaregåande som høgaste utdanning.

Figur 3.10 Lærarar etter utdanningsnivå. 4. kvartal 2016. Prosent.

figur-3-10-laerarar-etter-utdanningsniva-4-kvartal-2016-prosent

Kjelde: Statistisk sentralbyrå (SSB)

1 av 5 lærarar i vidaregåande manglar pedagogisk utdanning

81 prosent av lærarane som jobbar i vidaregåande skolar, har pedagogikk i tillegg til universitets- og høgskoleutdanning. Prosentdelen utan pedagogisk utdanning har falle frå 20,5 til 19,5 prosent frå 2015 til 2016. Den lågaste delen lærarar utan pedagogisk utdanning finn vi i Finnmark med 16 prosent. I Møre og Romsdal og Rogaland manglar høvesvis 26 og 23 prosent av lærarane pedagogisk utdanning.

Figur 3.11 Sysselsette lærarar i vidaregåande opplæring utan pedagogisk utdanning. 4. kvartal 2016. Prosent.

figur-3-11-sysselsette-laerarar-i-vidaregaande-opplaering-utan-pedagogisk-utdanning-4-kvartal-2016-prosent

Kjelde: Statistisk sentralbyrå (SSB)

I aldersgruppa 56 år og eldre er det flest lærarar med universitets- og høgskoleutdanning med pedagogikk. Dette gjeld 84 prosent av lærarane i denne aldersgruppa. Det er òg fleire kvinner enn menn som har pedagogikk i tillegg til høgare utdanning. Desse tala seier ikkje noko om forskjellar på studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram. Ei undersøking tyder på at det er færre av lærarane som berre underviser på yrkesfag som har fullført lærarutdanning (inkludert PPU), enn blant dei som berre underviser på studiespesialiserande (Aamodt mfl. 2016:19).