Vaksne som har fullført grunnskolen, har rett til gratis vidaregåande opplæring. Denne retten gjeld frå og med det året den vaksne fyller 25 år.
Fleire vaksne i vidaregåande opplæring
Talet på vaksne i vidaregåande opplæring har auka dei siste åra. I 2015 var det nærmare 23 900 vaksne lærlingar, lærekandidatar, deltakarar i fagopplæring i skole, praksiskandidatar og deltakarar i skole. Den største gruppa er deltakarar i skole (tabell 3.7).
Ein praksiskandidat er ein privatist i yrkesfag, som ikkje er deltakar i vidaregåande opplæring utover å ta eit fag- eller sveinebrev. Praksiskandidatane er likevel med i oversynet for å vise kor mange vaksne som oppnår formell kompetanse på vidaregåande nivå.
Tabell 3.7 Deltakarar i vidaregåande opplæring som er 25 år eller eldre. 2012-2015*. Tal.
* Siste tilgjengelege tal er for 2015
Kjelde: Utdanningsdirektoratet