3 - Fakta om vidaregåande opplæring

3.5 Spesialundervisning i vidaregåande opplæring

På same måten som i grunnskolen har elevar som ikkje har tilfredsstillande utbyte av det ordinære opplæringstilbodet, rett til spesialundervisning også i videregående skole. Retten gjeld òg lærekandidatar, men ikkje lærlingar.

På vidaregåande kan elevar få spesialundervisning innanfor eit ordinært eller tilrettelagt opplæringsløp i skole, eller innanfor opplæring i bedrift.

4900 elevar i vidaregåande opplæring får spesialundervisning

I skoleåret 2016-17 hadde 2,5 prosent av elevane i vidaregåande opplæring enkeltvedtak om spesialundervisning per 1.10.2016. Dette er både elevar med mål om full kompetanse og ordinært vitnemål, og elevar med mål om kompetanse på eit lågare nivå enn full yrkes- eller studiekompetanse, såkalla planlagd grunnkompetanse. Tala indikerer at det er mindre spesialundervisning i vidaregåande opplæring enn i grunnskolen.