3 - Fakta om vidaregåande opplæring

3.4 Lærlingar i vidaregåande opplæring

1. oktober 2016 var det registrert 39 400 lærlingar. Det er nesten 500 fleire enn i 2015. 70 prosent av lærlingane er gutar. Lærlingar er personar som har inngått ein lærekontrakt om opplæring og praksis i ei bedrift, med sikte på fag- eller sveinebrev.

I tillegg til lærlingane var det nesten 2000 lærekandidatar og over 1300 elevar som fekk fagopplæring i skole. Ein lærekandidat inngår i ein opplæringskontrakt med ei lærebedrift og går opp til ei kompetanseprøve. Fagopplæring i skole er eit tilbod til søkjarar som ikkje har fått læreplass. Desse elevane får opplæring i faget ved skolen i staden for i bedrift. Målet er likevel fag- eller sveinebrev.

Fleire nye lærekontraktar enn for fem år sidan

Det er eit mål at alle kvalifiserte søkjarar skal få tilbod om læreplass (Samfunnskontrakten for fleire læreplassar). I 2016 vart det inngått 19 800 nye lærekontraktar, ein auke på 7 prosent sidan 2012.

Det er store skilnader mellom fylka i korleis utviklinga i nye lærekontraktar har vore frå 2012 til 2016. 14 fylke har ein auke på 10 prosent eller meir. Finnmark har den største auken på 45 prosent, medan Rogaland har den største nedgangen på 18 prosent.

7 av 10 søkjarar får lærekontrakt

Sjølv om talet på lærekontraktar har auka, har talet på søkjarar auka enda meir. Derfor har prosentdelen søkjarar som får lærekontrakt, gått ned.

I 2016 søkte om lag 27 700 elevar om læreplass. Talet på søkjarar til læreplass har auka med 2200 sidan 2012, noko som tilsvarer 9 prosent auke. Det har vore ein auke i nesten alle fylka i denne perioden.

Frå 2012 til 2016 har talet på søkjarar utan læreplass auka frå 7500 til 8600. Ved årsskiftet hadde 69 prosent av søkjarane fått godkjend lærekontrakt. Det er stor skilnader mellom fylka (Figur 3.5). I Oslo har 80 prosent av søkjarane fått godkjend lærekontrakt, medan 56 prosent har fått godkjend lærekontrakt i Østfold.

Figur 3.5 Søkjarar med godkjend lærekontrakt per 31. desember 2016, fordelte på fylke. Prosent.

figur-3-5-sokjarar-med-godkjend-laerekontrakt-per-31-desember-2016-fordelte-pa-fylke-prosent

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Basert på tidlegare analysar veit vi at ein del av dei som ikkje fekk kontrakt innan årsskiftet, fekk kontrakten godkjend i løpet av dei neste månadene (Utdanningsdirektoratet 2014). Prosentdelen med kontrakt er derfor eigentleg litt høgare enn 69 prosent på landsbasis. Analysane viser også at mange av dei som ikkje får lærekontrakt, er i gang med anna vidaregåande opplæring.

Størst auke i nye lærekontraktar i helse- og oppvekstfag

4 av 8 utdanningsprogram har hatt ein auke i nye lærekontraktar sidan 2012, medan resten har hatt ein nedgang. Den største auken ser vi i helse- og oppvekstfag med nærmare 740 fleire nye lærlingar. I elektrofag har det derimot blitt om lag 200 færre nye lærlingar.

Tabell 3.6 Nye lærekontraktar etter utdanningsprogram. 2012-2016. Tal.

2012 2013 2014 2015 2016
Teknikk og industriell produksjon 4 049 4 146 4 280 4 071 3 946
Bygg- og anleggsteknikk 3 702 3 667 3 760 3 820 3 941
Helse- og oppvekstfag 2 872 2 988 3 201 3 657 3 609
Elektrofag 3 230 3 165 3 132 3 125 3 036
Service og samferdsel 1 841 1 960 2 091 2 318 2 498
Restaurant- og matfag 1 135 1 123 1 114 1 145 1 104
Design og handverk 1 166 1 127 1 095 1 069 1 046
Naturbruk 417 433 500 532 572

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (Statistikkportalen)

Til saman er over 70 prosent av lærekontraktane i privat sektor. Både privat, statleg og kommunal sektor har alle hatt ein auke i nye kontraktar sidan 2012. Den prosentvise auken har vore størst i statleg og kommunal sektor, som har hatt ein auke på høvesvis 25 og 22 prosent. Privat sektor har hatt ein auke på 6 prosent.

Flest lærekontraktar i bygg- og anleggsteknikk

Totalt sett er det flest lærekontraktar i bygg- og anleggsteknikk med over 8100 lærekontraktar (figur 3.6). Naturbruk har færrast løpande kontraktar.

Figur 3.6 Løpande lærekontraktar etter utdanningsprogram. 2016. Tal

figur-3-6-lopande-laerekontraktar-etter-utdanningsprogram-2016-tal

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (Statistikkportalen)

Lærekandidatar

Ein lærekandidat inngår i ein opplæringskontrakt med ei lærebedrift og går opp til ei kompetanseprøve. Kompetanseprøva er ei mindre omfattande prøve enn fag- og sveineprøva. Hausten 2016 var det registrert nærmare 2000 lærekandidatar. Ordninga er særleg utbreidd på service og samferdsel, på bygg- og anleggsteknikk og på helse- og oppvekstfag.

Figur 3.7 Lærekandidatar etter utdanningsprogram. 2016. Tal.

figur-3-7-laerekandidatar-etter-utdanningsprogram-2016-tal

Kilde: Utdanningsdirektoratet (Statistikkportalen)

Det er store skilnader mellom fylka når vi ser på talet på lærekandidatar av det totale talet lærlingar, lærekandidatar og elevar som har fagopplæring i skole. Det varierer frå 1,3 prosent i Oslo til 14,3 prosent i Østfold (figur 3.8). Variasjonen viser at nokre fylke nyttar seg meir aktivt av lærekandidatordninga enn andre, og på den måten hjelper dei ungdom som ikkje har føresetnader for å nå krava til fag- og sveineprøva med eit tilbod. Samtidig veit vi at nokre fylkeskommunar jobbar for at flest mogleg skal få ei ordinær lærekontrakt, fordi eit fagbrev blir rekna som ei meir fullverdig utdanning. Det er likevel lite kunnskap om korleis fylkeskommunane bruker ordninga, og kva slags verknader ho kan ha, påpeiker Riksrevisjonen i si evaluering av ordninga (Riksrevisjonen 2016). Riksrevisjonen (2016) meiner at ein risiko med ordninga er at ungdom med tilstrekkelege føresetnader til å gå yrkesfaglege vidaregåande opplæring, heller blir rådde til å søkje lærekandidatordninga.

Figur 3.8 Delen lærekandidatar av totalt tal på lærlingar, fagopplæring i skole og lærekandidatar. 2016. Prosent.

figur-3-8-delen-laerekandidatar-av-totalt-tal-pa-laerlingar-fagopplaering-i-skole-og-laerekandidatar-2016-prosent

Kilde: Utdanningsdirektoratet (Statistikkportalen)