3 - Fakta om vidaregåande opplæring

3.3 Vidaregåande skolar

Det er 419 vidaregåande skolar i Noreg, og dei har i gjennomsnitt 456 elevar. 22 prosent av dei vidaregåande skolane er private, og dei er gjerne mindre enn dei offentlege. Offentlege vidaregåande skolar har i gjennomsnitt 536 elevar, medan dei private har 168. 38 prosent av dei private vidaregåande skolane har færre enn 100 elevar.

Dei fleste private vidaregåande skolane er friskolar. Friskolar får statstilskot og må oppfylle eit særskilt grunnlag for å bli godkjende (sjå her for å lese meir om friskolelova). Når vi omtalar private skolar, omfattar det både friskolar og private skolar godkjende etter opplæringslova.

Hausten 2016 er det 91 godkjende, private vidaregåande skolar i Noreg. Alle desse skolane er godkjende etter friskolelova, bortsett frå éin, som er godkjend etter opplæringslova. Det er flest skolar som er godkjende på grunnlaget livssyn (tabell 3.5).

Tabell 3.5 Private vidaregåande skolar etter grunnlag for godkjenning. 2016-17. Tal.

Grunnlag Tal
Livssyn 32
Anerkjend pedagogisk retning 11
Særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett 17
Særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma* 6
Vidaregåande opplæring i små og verneverdige handverksfag 2
Vidaregåande opplæring i yrkesfaglege utdanningsprogram** 1
Internasjonalt 1
Utan særskilt grunnlag*** 20
Privatskolar godkjende etter opplæringslova (Deutsche Schule Oslo – Max Tau) 1
Totalt i Noreg 91
Norske skolar i utlandet 4
Totalt i Noreg og utlandet 95

*I tillegg gir 2 av skolane som er godkjende på religiøst grunnlag, og 4 av skolane som er godkjende etter ei anerkjend pedagogisk retning, også særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma.
**Ein av skolane som er godkjend på grunnlag av opplæring i verneverdige handverksfag, er også godkjend som yrkesfagleg utdanningsprogram.
*** Desse skolane vart godkjende før privatskolelova (og frå 2015 friskolelova) kom med krav om grunnlag.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Mange privatskoleelevar i Oslo og Hordaland

Om lag 15 300 elevar i vidaregåande opplæring går på private skolar hausten 2016. Det utgjer 8 prosent av elevane. Det er store skilnader mellom fylka i kor mange elevar som går på private skolar. Den høgste delen finn vi i Oslo med 16 prosent, etterfølgt av 15 prosent i Hordaland. I Finnmark går under 1 prosent av elevane på private skolar. Nær 80 prosent av elevane på private vidaregåande skolar tek eit studieførebuande utdanningsprogram.

Sjølv om prosentdelen elevar som går på privatskolar er større på vidaregåande enn på grunnskolen, er han låg samanlikna med andre land. Tal frå Eurostat viser at Noreg har ein lågare prosentdel som går på private vidaregåande skolar, enn Island, Finland og Sverige, men klårt høgare enn Danmark.

Figur 3.4 Elevar i private vidaregåande skolar* i utvalde land. 2014-15. Prosent.

figur-3-4-elevar-i-private-vidaregaande-skolar-i-utvalde-land-2014-15-prosent

* I dessa tala er blant anna lærlingar og elevar på folkehøgskolar inkluderte.

Kjelde: Eurostat 2017