3 - Fakta om vidaregåande opplæring

3.2 Programområde og fag

Fellesfag, felles programfag og programfag

Fellesfag er obligatoriske fag på yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram. Kravet til fellesfag er meir omfattande på studieførebuande utdanningsprogram enn på yrkesfaglege utdanningsprogram.

Felles programfag er fag som er obligatoriske på eit gitt utdanningsprogram. Alle utdanningsprogramma, med unntak av studiespesialisering med formgivingsfag, har felles programfag.

Programfag er fag som tilhøyrer bestemte utdanningsprogram, og som elevane kan velje.

På Vg2 kan elevane velje kva for programområde dei vil ta innafor utdanningsprogrammet dei går på.

Språk, samfunnsfag og økonomi er mest populært på studieførebuande

Av dei som begynner på Vg2 studiespesialisering, vel 56 prosent av elevane programområdet språk, samfunnsfag og økonomi. 41 prosent vel programområdet realfag, medan dei resterande går på andre programområde.

Innan helse- og oppvekstfag er det største programområdet helsearbeidarfag, etterfølgt av barne- og ungdomsarbeidarfag. Til saman går 83 prosent av elevane på helse- og oppvekstfag på eit av desse programområda. Helsearbeidarfag har 3600 elevar på Vg2 og er dermed det største yrkesfaglege programområdet.

Fleire gutar enn jenter tek faga fysikk og matematikk for realfag

Blant realfaga er det flest elevar på matematikkfaga, noko som for ein stor del kjem av at dei er del av fellesfaga. Dei andre store realfaga er kjemi med 14 400 elevar, fysikk med 13 200 elevar og biologi med 11 800 elevar. Det er store kjønnsskilnader mellom dei ulike realfaga. Det er fleire gutar som tek teknologifaga, fysikk og matematikk for realfag, medan jentene vel biologi og kjemi oftare enn gutane.

Figur 3.3 Gutar og jenter etter utvalde realfag. 2016-17. Prosent.

figur-3-3-gutar-og-jenter-etter-utvalde-realfag-2016-17-prosent

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (Statistikkportalen)

Realfagspoeng

Realfaga i vidaregåande opplæring gir realfagspoeng, som elevar kan bruke dersom dei søkjer seg vidare til høgare utdanning. Det er mogelig å få inntil 4 realfagspoeng.

Det blir gitt mest realfagspoeng for matematikk R2 og fysikk 2 , som begge gir 1 poeng. Dei andre realfaga gir 0,5 realfagspoeng (Samordna opptak 2015).

I fleire av realfaga er det også store kjønnsskilnader i blant elevar som tek full fordjuping (tabell 3.4). Forskjellen er størst i fysikk, der nesten dobbelt så mange gutar som jenter tek full fordjuping. Cirka 61 prosent av gutane som tok fysikk 1 på Vg2 i 2015-16 gjekk vidare til fysikk 2 på Vg3 året etter. Tilsvarande for jenter er 32 prosent. I kjemi er det derimot fleire jenter enn gutar som tek full fordjuping, der om lag 74 prosent jenter mot 55 prosent gutar tek både nivå 1 og nivå 2.

Kjønnsskilnadene kan truleg ha samanheng med skilnader i kva for studieretning innan høgare utdanning gutar og jenter ønsker å søkje seg vidare til og tilhøyrande opptakskrav. Ved opptak til dei fleste ingeniørstudia er det for eksempel krav om matematikk R1 (eller S1 og S2) og R2 og fysikk 1 . For å komme inn på medisin, odontologi og ernæringsfysiologi er det krav om kjemi 1 og 2, fysikk 1 og matematikk R1 (eller S1 og S2) (Samordna opptak 2017).

Tabell 3.4 Gutar og jenter som gjekk vidare frå nivå 1 til nivå 2 i realfag*. 2016-17. Prosent.

Gutar Jenter
Fysikk 61 % 32 %
Informasjonsteknologi 71 % 49 %
Matematikk R 80 % 65 %
Geofag 85 % 89 %
Matematikk S 68 % 73 %
Biologi 70 % 76 %
Teknologi og forskingslære 21 % 28 %
Kjemi 55 % 74 %

*Prosentdel som tok realfag nivå 1 på Vg2 i 2015-16 som også tok nivå 2 på Vg3 i 2016-17.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (Statistikkportalen)

I 2015-16 var dei gjennomsnittlege standpunktkarakterane litt lågare på nivå 2 på realfaga, bortsett frå på matematikk for realfag (R) der snittkarakteren var lik. Størst skilnad var det på fysikk, med 0,4 karakterpoeng forskjell mellom nivå 1 og nivå 2 både for jenter og gutar. Jenter får elles litt betre standpunkt- og eksamenskarakterar i dei fleste realfaga.