Hausten 2016 er det 191 000 elevar i vidaregåande opplæring. I tillegg er det drygt 39 400 lærlingar, nesten 2000 lærekandidatar og meir enn 1300 elevar som får fagopplæring i skole. 60 prosent av elevane går på studieførebuande utdanningsprogram, og 40 prosent går på yrkesfaglege utdanningsprogram. I tillegg er det elevar som har gått yrkesfag, som tek påbygg til generell studiekompetanse på Vg3. 92 prosent av alle 16–18-åringar deltek i vidaregåande opplæring hausten 2016 (Statistisk sentralbyrå 2017).
Tabell 3.1 Elevar i vidaregåande opplæring. 2016-17. Tal.
* Inkluderer studieførebuande Vg3 medium og kommunikasjon og studieførebuande Vg3 naturbruk
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
Tabell 3.2 Lærlingar i vidaregåande opplæring. 2016. Tal.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
Flest tek studiespesialisering
Det finst 13 ulike utdanningsprogram elevane kan ta: fem studieførebuande og åtte yrkesfaglege. Dei studieførebuande programma gir elevane generell studiekompetanse etter tre år i skole. På yrkesfag går elevane normalt to år i skole og er deretter lærlingar i bedrift i to år. Over halvparten av elevane som starta på ein vidaregåande skole hausten 2016, starta på eit studieførebuande utdanningsprogram.
Studiespesialisering er det største av alle utdanningsprogramma med 39 prosent av elevane på Vg1. Det har vore ein auke i prosentdelen elevar på studieførebuande dei siste to åra.
Det er om lag 10 900 elevar som tek Vg3 påbygging til generell studiekompetanse etter to år på eit yrkesfagleg utdanningsprogram eller etter oppnådd yrkeskompetanse. Tre gonger så mange elevar tek påbygg etter yrkesfagleg Vg2 som etter oppnådd yrkeskompetanse. Hausten 2016 var det over 500 fleire elevar som tok påbygg etter oppnådd yrkeskompetanse enn året før.
Meir enn 1 av 4 yrkesfagselevar går på helse- og oppvekstfag
Helse- og oppvekstfag er det største yrkesfaglege utdanningsprogrammet på Vg1 med meir enn ein fjerdedel av alle yrkesfagselevane hausten 2016. Det er også her vi finn den største auken – med nærmare 500 fleire elevar enn året før. Teknikk og industriell produksjon og elektrofag kjem på andre- og tredjeplass med 17 og 14 prosent av yrkesfagselevane på Vg1.
Tabell 3.3 Elevar og lærlingar fordelte på utdanningsprogram og trinn. 2016-17. Tal.
*Inkluderer også lærekandidatar og fagopplæring i skole
**Inkluderer studieførebuande Vg3
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
Endringar i utdanningsprogramma frå skoleåret 2016-17
Programområdet for formgjevingsfag er frå og med i år eit eige studieførebuande utdanningsprogram med namnet kunst, design og arkitektur.
Medium og kommunikasjon var tidlegare eit yrkesfagleg utdanningsprogram, men har skoleåret 2016-17 blitt eit studieførebuande utdanningsprogram.
Det er ei trinnvis innføring av de nye tilboda.
Utdanningsbakgrunnen til foreldra og val av utdanningsprogram
Elevane sitt val av utdanningsprogram har samanheng med utdanningsbakgrunnen til foreldra. 60 prosent av elevane som tek eit studieførebuande utdanningsprogram, har foreldre med kort eller lang høgare utdanning. Den delen av elevane som har foreldre med høgare utdanning, er størst på musikk, dans og drama, med 70 prosent (figur 3.1).
På yrkesfag har 31 prosent av elevane, lærlingane og lærekandidatane foreldre med kort eller lang høgare utdanning, medan 62 prosent har foreldre med utdanning på grunnskole eller vidaregåande nivå.
Figur 3.1 Elevar, lærlingar og lærekandidatar etter utdanningsprogram og utdanningsnivået til foreldra. 2016-17. Prosent.
Kilde: Statistisk sentralbyrå (SSB)
Både på studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram blir det stadig færre elevar med foreldre som har grunnskole eller vidaregåande som høgaste utdanning (Ekren 2014). Frå 1999 til 2013 vart prosentdelen yrkesfagselevar med foreldre utan høgare utdanning redusert med 10 prosentpoeng. Dette heng saman med at utdanningsnivået i befolkninga har auka generelt (Ekren 2014).
Store kjønnsskilnader mellom yrkesfaglege utdanningsprogram
Det er store skilnader i kva for utdanningsprogram jenter og gutar vel. På helse- og oppvekstfag er det 84 prosent jenter, og på design og handverk er det 83 prosent jenter (figur 3.2). På bygg- og anleggsteknikk er det 96 prosent gutar, og det er 95 prosent gutar på elektrofag. Det er litt mindre kjønnsskilnader i dei studieførebuande utdanningsprogramma, men kunst, design og arkitektur og musikk, dans og drama har ei stor overvekt jenter med høvesvis 79 og 68 prosent.
Figur 3.2 Elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram etter kjønn. Alle trinn*. 2016-17. Prosent.
*Ikkje inkludert lærlingar, lærekandidatar og fagopplæring i skole.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet