2 - Fakta om grunnskolen

2.9 Vaksne i grunnskolen

Rett til grunnskoleopplæring for vaksne

Alle vaksne som er over opplæringspliktig alder (16 år), og som ikkje har fullført grunnskole, har krav på opplæring. Retten omfattar dei faga deltakaren treng for å få vitnemål for fullført grunnskoleopplæring for vaksne, og det er kommunen som skal leggje til rette for opplæringa. Opplæringa skal vere tilpassa behova til den enkelte. Vaksne som ikkje har tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning.

I skoleåret 2016-17 får om lag 12 700 vaksne grunnskoleopplæring. Gruppa omfattar både vaksne som får ordinær grunnskoleopplæring, og vaksne som får spesialundervisning.

Fleire vaksne får ordinær grunnskoleopplæring

Hausten 2016 fekk om lag 9300 vaksne ordinær grunnskoleopplæring. Dette er ein auke på 1800 deltakarar samanlikna med førre skoleåret. Store delar av auken var asylsøkjarar i alderen 16-18 år. 97 prosent av deltakarane i ordinær grunnskoleopplæring er minoritetsspråklege. Det har vore ein jamn auke i talet på deltakarar i den ordinære grunnskoleopplæringa for vaksne dei siste åra.

For spesialundervisning er det ei motsett utvikling. I dag er det 3400 vaksne deltakarar som får spesialundervisning, som er nesten 1300 færre enn for fem år sidan.

Figur 2.18 Vaksne som får ordinær undervisning og spesialundervisning. 2011-2016. Tal.

figur-2-18-vaksne-som-far-ordinaer-undervisning-og-spesialundervisning-2011-2016-tal

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

Lærarårsverk til undervisning av vaksne i grunnskolen

Totalt går det 1300 årsverk til undervising av vaksne i grunnskolen. Dette er om lag 200 fleire årsverk enn i 2015/16. 96 prosent av årsverka til undervising blir utførde av personale med godkjend lærarutdanning.