2 - Fakta om grunnskolen

2.8 Kompetansen til lærarane

For å bli tilsett fast i grunnskolen må ein ha lærarutdanning eller anna godkjend utdanning. I tillegg er det krav om studiepoeng i mange av faga lærarane underviser i.

5,9 prosent av lærarane oppfyller ikkje kompetansekrava for tilsetjing. Desse er anten tilsette under føresetnad av at påbegynt utdanning blir fullført, eller dei er mellombels tilsette. 4,5 prosent av undervisningstimane blir gitt av lærarar som ikkje oppfyller kompetansekrava for tilsetjing. Dette tyder på at lærarar utan godkjend utdanning underviser litt færre timar enn dei som har ei godkjend utdanning.

Prosentdelen undervisningstimar utført av undervisningspersonale utan godkjend utdanning, er høgast i dei nordlegaste fylka. Han er høgast i Finnmark og Nordland med 8 prosent , etterfølgd av Troms med 7 prosent. I Hordaland og Vest-Agder er det berre 2 prosent av undervisningstimane som blir gitt av lærarar utan godkjend utdanning.

Mange lærarar oppfyller ikkje krav om studiepoeng i faga dei underviser i

Av dei lærararne som oppfyller kompetansekrava for tilsetjing er det mange som ikkje oppfyller kompetansekrava for undervisning i faga dei underviser i. For lærarar som underviser i norsk, matematikk, engelsk, samisk og norsk teiknspråk er det eit kompetansekrav om 30 studiepoeng på barnetrinnet og 60 på ungdomstrinnet. Dei som var ferdig utdanna før 1. januar 2014, har dispensasjon fra disse krava fram til 1. august 2025.

8800 av lærarane som underviser i norsk, 11 400 av lærarane som underviser i matematikk og 11 000 av lærarane som underviser i engelsk, manglar studiepoeng for å oppfylle kompetansekravet for undervisning. Dersom alle desse lærarane skulle ta vidareutdanning, ville det vere behov for 31 000 plassar til vidareutdanning. Dette er 2100 mindre enn førre skoleåret.

På barnetrinnet er det meir enn 500 fleire lærarar som oppfyller kompetansekrava for undervisning i dei fem faga i år enn i fjor. På ungdomstrinnet er det nærmare 200 fleire lærarar enn i fjor som oppfyller kompetansekrava for undervisning i dei fem faga, samtidig som det er 1500 færre som underviser i desse faga. Tala viser at fleire har tatt vidareutdanning, men det kan også tyde på at fleire skolar nyttar lærarar med fordjuping i dei aktuelle faga til å undervise fleire klassar i matematikk, norsk og engelsk.

Det er ein større del av lærarane som ikkje oppfyller kompetansekravet for undervisning i norsk og matematikk på ungdomstrinnet enn på barnetrinnet. I engelsk er prosentdelen som ikkje oppfyller kompetansekravet høgast på barnetrinnet.

Figur 2.16 Lærarar som ikkje oppfyller kompetansekravet for undervisning i fag dei underviser i, fordelte på barne- og ungdomstrinn*. 2016-17. Prosent.

figur-2-16-laerarar-som-ikkje-oppfyller-kompetansekravet-for-undervisning-i-fag-dei-underviser-i-fordelte-pa-barne-og-ungdomstrinn-2016-17-prosent

*Berre lærarar som oppfyller tilsetjingskravet. Lærarar som underviser både på barne- og ungdomstrinnet, er registrerte på ungdomstrinnet.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

Kompetanse for kvalitet

Kompetanse for kvalitet er ein vidareutdanningsstrategi for lærarar og skoleleiarar, som skal bidra til god fagleg og pedagogisk kvalitet i grunnopplæringa for å styrkje elevane si læring.

For å leggje til rette for at lærarane skal kunne studere mens dei er i arbeid, kan dei søkje om anten stipend- eller vikarordning. Med vikarordninga blir dei noko frigjorde frå ordinære arbeidsoppgåver for å studere, men utan å gå ned i lønn. Stipendordninga inneber at dei kan få stipend for å ta inntil 30 studiepoeng. Stipendet kan brukast til å få fri til å studere, eller det kan vere ei ekstra inntekt i tillegg til jobb.

Fleire lærarar tek vidareutdanning i engelsk, norsk og matematikk

Matematikk er det fagområdet innan vidareutdanningsstrategien Kompetanse for kvalitet som flest lærarar tek vidareutdanning i. Hausten 2016 fekk 1600 grunnskolelærarar midlar gjennom stipend- eller vikarordninga for å ta vidareutdanning innan fagområdet matematikk, medan 1000 og 800 grunnskolelærarar fekk midlar til vidareutdanning i engelsk og norsk (Figur 2.17). Fleire lærarar tek vidareutdanning i 2016 enn i 2015. Størst auke er det i engelsk, der nærmere 470 fleire fekk midlar til vidareutdanning i 2016 enn i 2015.

Figur 2.17 Grunnskolelærarar som fekk midlar for å ta vidareutdanning i matematikk, engelsk og norsk per desember*. 2015-2016. Tal.

figur-2-17-grunnskolelaerarar-som-fekk-midlar-for-a-ta-vidareutdanning-i-matematikk-engelsk-og-norsk-per-desember-2015-2016-tal

* Figuren inkluderer berre grunnskolelærarar som har fått midlar gjennom Utdanningsdirektoratets ordning for å ta vidareutdanning. Lærarar kan også ta vidareutdanning utanfor denne ordninga. Det er derfor grunn til å tru at talet som tek vidareutdanning, totalt sett er høgare enn det desse tala viser.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)