2 - Fakta om grunnskolen

2.7 Lærartettleik

Opplæringslova om klassestørrelse

I opplæringslova § 8-2 står det at klassar eller basisgrupper skal vareta elevane sitt behov for sosialt tilhør, og at inndelinga ikkje må vere større enn det som er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg.

Lærartettleik seier noko om kor mange elevar det er per lærar i ein undervisningstime. I 2016-17 er det i gjennomsnitt 16,8 elevar per lærar i ordinær undervisning. Når vi inkluderer ressursar til spesialundervisning og særskild norskopplæring, er det i gjennomsnitt 13,5 elevar per lærar.

På nasjonalt nivå har gjennomsnittleg lærartettleik endra seg lite dei siste åra, både når vi ser 1.-10. trinn samla og på 1.-4.trinn. Det gjeld både lærartettleik og lærartettleik i ordinær undervisning. Likevel er det store variasjonar mellom skolar.

Stor skilnad i lærartettleik mellom kommunar og skolar

Mange skolar har betydeleg lågare lærartettleik enn gjennomsnittet. 14 prosent av skolane har i gjennomsnitt meir enn 20 elevar per lærar i ein ordinær undervisningstime. På 2 prosent av skolene er det over 25 elevar per lærar (figur 2.12). Det er færrast elevar per lærar på dei lågaste trinna. På 1.-4. trinn er det i gjennomsnitt 15,8 elevar per lærar i ein ordinær undervisningstime, mens det er 18,0 elevar per lærar på 8.-10. trinn.

Lærartettleik

Lærartettleik er ei berekning av kor mange elevar det er per lærar i ein undervisningstime. Lærartettleik er ikkje det same som storleiken på klassen, men tal på elevar per lærar i ein undervisningstime. Lærartettleiken blir for eksempel den same i ei gruppe med 14 elevar og ein lærar, som i ei gruppe med 28 elevar og to lærarar. Lærartettleik er det same som gruppestorleik 1.

I lærartettleik i ordinær undervisning er særskild norskopplæring og spesialundervisning utelatne. I 2016-17 er det gjennomsnittleg 16,8 elevar per lærar i ordinær undervisning. Når vi inkluderer ressursar til spesialundervisning og særskild norskopplæring, er det i gjennomsnitt 13,5 elevar per lærar. Lærartettleik i ordinær undervisning er det same som gruppestorleik 2.

Figur 2.12 Skolar fordelte etter tal på elevar per lærar i ordinær undervisning. 2016-17. Prosent.

figur-2-12-skolar-fordelte-etter-tal-pa-elevar-per-laerar-i-ordinaer-undervisning-2016-17-prosent

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

Hovudmønsteret er at små kommunar har færre elevar per lærar enn store kommunar, men også mellom dei ti største kommunane er det klare skilnader. Oslo skil seg ut med den høgaste prosentdelen skolar med over 20 elevar per lærar på 1.-4. trinn (figur 2.13).

Figur 2.13 Tal på elevar per lærar i ordinær undervisning 1.-4. trinn i kommunale grunnskolar i dei ti største kommunane i Noreg. Prosent.

figur-2-13-tal-pa-elevar-per-laerar-i-ordinaer-undervisning-1-4-trinn-i-kommunale-grunnskolar-i-dei-ti-storste-kommunane-i-noreg-prosent

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

Det er fleire skolar som har over 20 elevar per lærar no enn tidlegare

Dei største skolane har flest elevar per lærar. I skoleåret 2016-17 går 24 prosent av elevane på 1.-10. trinn på skolar med 20 elevar eller meir per lærar. Prosentdelen har auka frå 14 prosent i 2001-02 (figur 2.14). Det er ein tilsvarende auke på 1.-4. trinn.

Figur 2.14 Gjennomsnittleg lærartettleik og prosentdel elevar på skolar med over 20 elevar per lærar. 2001-2016. Prosentdel og gjennomsnitt.

figur-2-14-gjennomsnittleg-laerartettleik-og-prosentdel-elevar-pa-skolar-med-over-20-elevar-per-laerar-2001-2016-prosentdel-og-gjennomsnitt

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

Det er fleire forklaringar på at det er fleire elevar som går på skolar med over 20 elevar per lærar no enn tidlegare. Ei forklaring er større skolar. I 2001-02 hadde 22 prosent av skolane 300 elevar eller meir. I 2016-17 har prosentdelen auka til 30. Dei store skolane har også fleire elevar per lærar enn dei hadde for 15 år sidan (figur 2.15). Det står meir om lærartettleik i Tall og Forskning.

Figur 2.15 Skolar med over 20 elevar per lærar i ordinær undervisning på 1.-4. trinn, fordelte på skolestorleiken. 2001-02 og 2016-17. Prosent.

figur-2-15-skolar-med-over-20-elevar-per-laerar-i-ordinaer-undervisning-pa-1-4-trinn-fordelte-pa-skolestorleiken-2001-02-og-2016-17-prosent

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

1100 fleire lærarårsverk til undervisning dei siste to åra

I 2016-17 er det 58 400 lærarårsverk i grunnskolen, av dette er 51 900 knytte til undervisning. Siden 2014-15 har det blitt 1100 fleire årsverk til undervisning, 1000 av dei på 1.-4. trinn. 76 prosent av undervisningsårsverka går til ordinær undervisning, medan den resterande delen går til spesialundervisning, særskild språkopplæring og opplæring i samisk språk.

Over halvparten av assistenttimane går til spesialundervisning

For skoleåret 2016-17 rapporterte grunnskolane at dei brukte 8 900 årsverk til assistentar, ein auke på omkring 450 årsverk frå førre skoleåret. Assistentar er personale som mellom anna hjelper læraren med enkeltelevar i undervisninga.

Totalt går 63 prosent av assistenttimane til spesialundervisning.