2 - Fakta om grunnskolen

2.6 Skolefritidsordninga

Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning (SFO) før og etter skoletid for elevar på 1.-4. årstrinn, og for elevar med særskilde behov på 1.-7. årstrinn. Ordninga skal gi omsorg og tilsyn og leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar for barna.

Over 160 000 elevar går på SFO. Av desse har over 90 000 elevar fulltidsplass i ordninga.

Dei siste ti åra har deltakinga i SFO blant elevar på 1.-4. trinn auka med 6 prosentpoeng og ligg i dag på 62 prosent. Dess eldre barna blir, dess færre deltek i SFO. På 1. trinn deltek 81 prosent av elevane, mens på 4. trinn deltek 32 prosent.

Kor mange elevar som deltek i SFO-ordninga, varierer veldig. I Oslo deltek 78 prosent av elevane på 1.-4. trinn i ordninga, og av dei med plass i SFO, har 70 prosent fulltidsplass. Fylket med lågast deltaking i SFO er Nord-Trøndelag. Her deltek 45 prosent av elevane i ordninga, og berre 33 prosent av dei med plass har fulltidsplass.

Figur 2.11 Elevar på 1.-4. trinn som deltek i SFO-ordninga, fordelte på fylke. 2016. Prosent.

figur-2-11-elevar-pa-1-4-trinn-som-deltek-i-sfo-ordninga-fordelte-pa-fylke-2016-prosent

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)