2 - Fakta om grunnskolen

2.5 Valfag og framandspråk på ungdomstrinnet

Fordjuping i matematikk

Frå august 2016 vart matematikk fordjuping eit ordinært tilbod som alternativ til framandspråk for elevar på ungdomstrinnet på linje med dei andre fordjupingsfaga.

900 elevar, fordelte på 8. og 9. trinn på 105 skolar, tek fordjuping i matematikk i skoleåret 2016-17.


På ungdomstrinnet kan elevane velje mellom ulike valfag og framandspråk. Dei kan også velje arbeidslivsfag eller fag frå vidaregåande opplæring.

7 av 10 elevar på ungdomstrinnet vel eit framandspråk

Elevar på ungdomstrinnet skal anten ha framandspråk eller fordjuping i engelsk, norsk, samisk eller matematikk. Dersom skolen tilbyr arbeidslivsfag, kan elevane velje det i staden. 74 prosent av elevane tek eit framandspråk hausten 2016. 17 prosent tek språkleg fordjuping, og 9 prosent tek arbeidslivsfag.

I Akershus og Rogaland valde over 80 prosent av elevane framandspråk i skoleåret 2016-17. I Finnmark valde 52 prosent av elevane framandspråk, og Finnmark er det fylket der flest elevar vel språkleg fordjuping (30 prosent) og arbeidslivsfag (17 prosent).

Spansk er det vanlegaste framandspråket. 43 prosent av elevane som vel framandspråk, tek spansk. Deretter kjem tysk med 39 prosent og fransk med 16 prosent. Under 1 prosent tek andre språk enn tysk, fransk eller spansk.

Drygt halvparten av skolane som har elevar på ungdomstrinnet, gir opplæring i arbeidslivsfaget.

Nesten 60 prosent av elevane tek eit av dei tre mest populære valfaga

Fysisk aktivitet er det vanlegaste valfaget, etterfølgt av sal og scene og natur, miljø og friluftsliv. Nesten 60 prosent av elevane vel eit av desse valfaga. For gutane skil fysisk aktivitet seg klart ut. 42 prosent av gutane vel fysisk aktivitet, medan jentene fordeler seg litt jamnare på dei største valfaga.

Elevar på 8.-10. trinn skal kunne velje mellom minst to av 15 ulike valfag. Ikkje alle ungdomsskolar tilbyr alle valfaga, men dei skal tilby minst to. Gjennomsnittleg har skolane elevar på fem ulike valfag, mens 9 prosent av skolane har elevar på berre eitt valfag. 23 prosent av skolane har elevar på sju eller fleire valfag.

Forsøk med programmering som valgfag

Programmering som valfag vart innført som eit forsøk ved utvalde skolar frå og med skoleåret 2016-17. Programmering handlar om å lage programkode, det vil seie eit sett med reglar og uttrykk for å styre digitale einingar.

I Noreg tek nesten 3600 elevar programmering som valfag i skoleåret 2016-17, fordelte på 140 skolar. 8 prosent av elevane ved desse skolane tek programfag som valfag.

Tilbodet om valfaget programmering gjeld i første omgang for tre år. Skoleigaren kan velje å tilby programmering som valfag på 8., 9. og 10. trinn.

Figur 2.10 Fordeling av gutar og jenter på dei ulike valfaga. 2016-17. Prosent.

figur-2-10-fordeling-av-gutar-og-jenter-pa-dei-ulike-valfaga-2016-17-prosent

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

Fleire elevar i grunnskolen tek fag frå vidaregåande opplæring

Skoleåret 2016-17 tek 1600 elevar i grunnskolen fag frå vidaregåande opplæring, litt fleire enn i 2015-16. 88 prosent av desse elevane går på 10. trinn. Nesten 100 kommunar har elevar på ungdomstrinnet som tek fag frå vidaregåande opplæring. Blant dei største kommunane har Drammen, Bærum og Oslo høgast deltaking. I Drammen tek 10 prosent av elevane på 10. trinn fag frå vidaregåande, mens prosentdelen i Bærum og Oslo ligg på 6.

Fag frå vidaregånde er ei av få formelle ordningar i grunnskolen som er tilpassa elevar som ønskjer ekstra utfordringar. Eleven kan ta fag frå vidaregåande i staden for valfag, eller bruke inntil 60 prosent av timane i faget utdanningsval.

9 av 10 elevar har bokmål som hovudmål

I skoleåret 2016-17 har 87 prosent av elevane bokmål som hovudmål. 12 prosent av elevane har nynorsk som hovudmål. 0,1 prosent av elevane har samisk, og 0,7 prosent har andre språk som opplæringsmålform, i hovudsak elevar på internasjonale privatskolar. Prosentdelen elevar med nynorsk har gått ned med 1,6 prosentpoeng sidan 2006.

Berre to av fylka har eit fleirtal av elevar med nynorsk som hovudmål: Sogn og Fjordane med 98 prosent og Møre og Romsdal med over 50 prosent. I Finnmark har 8 prosent av elevane samisk som hovudmål.