2 - Fakta om grunnskolen

2.4 Språkopplæring for minoritetsspråklege

Rett til særskild norskopplæring

Elevar med anna morsmål enn norsk eller samisk har rett til særskild norskopplæring fram til dei har tilstrekkeleg kompetanse i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen.

I 2016 fekk over 45 000 elevar særskild norskopplæring, noko som svarer til 7,2 prosent av elevane. 31 prosent av elevane som får særskild norskopplæring, får også anna særskild språkopplæring, for eksempel tospråkleg fagopplæring eller morsmålsopplæring.

1900 fleire elevar får særskild norskopplæring

Det er 1900 fleire elevar som får særskild norskopplæring hausten 2016 enn året før, noko som kjem av den auka tilstrømminga av asylsøkjarar i slutten av 2015. Prosentdelen som får særskild norskopplæring har vore stabil dei siste åra.

Per 1. januar 2016 hadde totalt 15 prosent av elevane i grunnskolen innvandrarbakgrunn. I alt 47 prosent av elevane med innvandrarbakgrunn fekk særskild norskopplæring. Med innvandrarbakgrunn meiner vi barn som sjølve har innvandra til Noreg, og norskfødte barn med to innvandrarforeldre.

Prosentdelen elevar som fekk særskild norskopplæring var høgast på dei lågaste trinna i grunnskolen. 9 prosent av elevane på 1.-4. trinn fekk særskild norskopplæring hausten 2016, mens tilsvarande på 8.-10. trinn var 6 prosent.

Store variasjonar mellom kommunar i prosentdelen elevar som får særskild norskopplæring

Det er store variasjonar mellom kommunane i prosentdelen elevar som får særskild norskopplæring. I Oslo får 22 prosent av elevane særskild norskopplæring, i Drammen 16 prosent. Det er også eit par av dei minste kommunane i Noreg som har ein høg prosentdel elevar med særskild norskopplæring hausten 2016. Det kan vere i kommunar med asylmottak.

Det er eit krav at kommunen skal kartleggje elevens kunnskapar i norsk før det blir gjort enkeltvedtak om særskild språkopplæring. Den særskilde norskopplæringa skal vere ei overgangsordning fram til eleven har tilstrekkelege norskkunnskapar til å følgje den ordinære opplæringa. Det er likevel inga grense på kor mange år eleven kan få særskild språkopplæring. Nær åtte av ti skoleeigarar har lagt føringar for kva slags kartleggingsmateriell skolane skal bruke når dei vurderer elevane sine ferdigheiter i norsk (Rambøll 2016b).

Kommunerevisjonen i Oslo kommune (2015) viser at nesten 60 prosent av elevane som fekk særskild språkopplæring på 1. trinn, framleis hadde særskild språkopplæring på 10. trinn. Det er altså grunn til å setje spørsmålsteikn ved om særskild språkopplæring primært fungerer som ei overgangsordning, og om kvaliteten gjennomgåande er god nok.

Figur 2.7 Elevar med særskild norskopplæring og anna særskild språkopplæring. 2006-2016. Tal.

figur-2-7-elevar-med-saerskild-norskopplaering-og-anna-saerskild-sprakopplaering-2006-2016-tal

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

Rett til anna særskild språkopplæring

Elevar som har rett til særskild norskopplæring, har også rett til morsmålsopplæring eller tospråkleg fagopplæring dersom dei treng det. I morsmålsundervisninga får eleven opplæring i eige morsmål utover det ordinære timetalet. Tospråkleg fagopplæring er opplæring der elevens morsmål blir nytta i opplæringa anten åleine eller saman med norsk innafor det ordinære undervisningstimetalet. Dersom det manglar tilsette som kan gi morsmålsopplæring eller tospråkleg fagopplæring, skal kommunen tilby anna tilrettelagd opplæring så langt det er mogleg.

Færre elevar med morsmålsopplæring eller tospråkleg fagopplæring

31 prosent av elevane som får særskild norskopplæring i skoleåret 2016-17, får også anna særskild språkopplæring. Det har vore ein nedgang i talet på elevar som får tospråkleg fagopplæring, morsmålsopplæring eller anna tilrettelagd opplæring på 23 prosent sidan 2012-13 (figur 2.8). Spesielt har morsmålsopplæringa hatt ein stor nedgang i denne perioden. Nedgangen sidan 2012-13 er på 33 prosent.

Det er flest elevar som får særskild språkopplæring i arabisk, somali og polsk.

Figur 2.8 Elevar med særskild norskopplæring som også har anna særskild språkopplæring. 2006-2016. Prosent.

figur-2-8-elevar-med-saerskild-norskopplaering-som-ogsa-har-anna-saerskild-sprakopplaering-2006-2016-prosent

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

Stor variasjon mellom kommunane i kor mange elevar som får morsmålsopplæring eller tospråkleg fagopplæring

Bruken av morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring og anna tilrettelagd opplæring varierer mykje mellom kommunane. I Trondheim får 82 prosent av dei elevane som får særskild norskopplæring, anna særskild språkopplæring i tillegg. I Oslo er prosentdelen 8, medan i Drammen er det ingen elevar som får morsmålsopplæring eller tospråkleg fagopplæring i tillegg til særskild opplæring i norsk. Oslo gir tospråkleg fagopplæring, men ikkje morsmålsopplæring. Forskjellar mellom kommunane kan komme av ulike politiske val. I mange tilfelle er det litt tilfeldig kva for elevar som får tilbod om tospråkleg fagopplæring og morsmålsopplæring. Det blir ofte bestemt ut i frå den lærarkompetansen skolen eller skoleeigaren har tilgang på, og i mindre grad ut frå det behovet den enkelte har for opplæring (Rambøll 2016b).

Figur 2.9 Elevar som får anna særskild språkopplæring i tillegg til særskild norskopplæring, i heile landet og i dei ti største kommunane. 2016. Prosent.

figur-2-9-elevar-som-far-anna-saerskild-sprakopplaering-i-tillegg-til-saerskild-norskopplaering-i-heile-landet-og-i-dei-ti-storste-kommunane-2016-prosent

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

Rett og plikt til grunnskoleopplæring for barn som kjem til Noreg

Barn i grunnskolealder som nettopp har komme til Noreg, har rett og plikt til grunnskoleopplæring dersom det er truleg at barnet skal være i Noreg i meir enn tre månader. Kommunen kan organisere innføringstilbod for minoritetsspråklege elevar i eigne grupper, klassar eller skolar.

6700 elevar i innføringstilbod

Hausten 2016 fekk 6700 elevar undervisning i innføringstilbod. Det er 1900 fleire elevar i innføringstilbod enn førre skoleår på grunn av at det kom mange asylsøkjarar i slutten av 2015.

Elevar kan etter opplæringslova gå i innføringstilbud i inntil to år. Mange kommunar reduserer innføringstilbodet til eitt år, og grunngir det med at det er viktig at elevane raskt blir integrerte i ein ordinær klasse, viser ei kartlegging (Rambøll 2016b). Eitt år er tilstrekkeleg for mange, men for elevar på dei øvste trinna med liten eller ingen skolegang frå heimlandet, kan eit eittårig innføringstilbod i mange tilfelle vere for lite, påpeiker forskarane bak rapporten.