2 - Fakta om grunnskolen

2.3 Tilpassa opplæring og spesialundervisning

Tilpassa opplæring og spesialundervisning

All undervisning skal etter opplæringslova vere tilpassa den enkelte eleven sine evner og føresetnader. Prinsippet om tilpassa opplæring gjeld alle elevar, også elevar som treng ekstra utfordringar. Skolen skal aktivt ta omsyn til variasjonar blant elevane gjennom læringsmiljø, metodebruk og pedagogikk.

Elevar som ikkje får tilfredsstillande utbyte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning. Etter ei skjønnsmessig vurdering skal skolen gjere eit enkeltvedtak om eleven har rett til spesialundervisning eller ikkje. I enkeltvedtaket skal det stå kva slags spesialundervisning eleven har krav på.

 

Hausten 2016 hadde nær 8 prosent av norske elevar enkeltvedtak om spesialundervisning, noko som utgjer nærmare 50 000 elevar. 68 prosent av elevane som får spesialundervisning, er gutar, og dette har vore ganske stabilt over tid. Nærmare halvparten av alle elevane som får spesialundervisning, har eit enkeltvedtak på over 7 timar i veka.

Talet på elevar som fekk spesialundervisning, auka jamt frå 2006 til 2011. Men det har vore en svak nedgang dei siste åra.

Det har lenge vore eit politisk mål å betre den tilpassa opplæringa slik at alle elevar får eit betre læringsutbyte i den ordinære undervisninga. Samtidig har det vore eit ønske om å redusere prosentdelen som får spesialundervisning. Nedgangen i prosentdelen som får spesialundervisning sidan 2012, kan komme av at fleire skolar har jobba målretta med å forbetre den tilpasse opplæringa innafor ramma av det ordinære opplæringstilbodet, slik at behovet for spesialundervisning blir mindre.

Samtidig er spesialundervisninga ein individuell rett. Det er ukjent om nedgangen kjem av at det er elevar som ikkje får rettane sine oppfylte.

Figur 2.5 Elevar i grunnskolen med enkeltvedtak om spesialundervisning. 2006-2016. Prosent.

figur-2-5-elevar-i-grunnskolen-med-enkeltvedtak-om-spesialundervisning-2006-2016-prosent

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

Fleire får spesialundervisning i den ordinære klassen

37 prosent får spesialundervisning i hovudsak i den ordinære klassen. Det har vore ein vesentleg auke frå 2013, då andelen var 28 prosent. Resten får det meste av spesialundervisninga i grupper eller åleine.

Nesten 4000 elevar går på eigne skolar for spesialundervisning eller på skolar med eiga fast avdeling for spesialundervisning. Denne typen organisering er vanlegare på ungdomstrinnet enn på barnetrinnet. Nær halvparten av elevane går på 8.-10. trinn. Det er 56 eigne skolar for spesialundervisning og 297 skolar med eigne faste avdelingar for spesialundervisning. Ytterlegare 1600 elevar er utplasserte på alternative opplæringsarenaer ein eller fleire dagar i veka med opplegg til dømes knytt til friluftsliv, arbeid på gard eller bilverkstad.

Figur 2.6 Organiseringa av spesialundervisninga. 2016. Prosent.

figur-2-6-organiseringa-av-spesialundervisninga-2016-prosent

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

18 prosent av lærartimane går til spesialundervisning i 2016, som er ein auke frå 15 prosent i 2016.

Nesten tre gonger så mange elevar får spesialundervisning på 10. trinn som på 1. trinn

Prosentdelen elevar som får spesialundervisning aukar utover i skoleløpet. På 1. trinn får 3,7 prosent av elevane spesialundervisning, medan prosentdelen på 10. trinn er 10,8, altså nesten tre gonger så høg. Ein grunn til denne auken kan vere at dei faglege krava blir større utover i skoleløpet (Wendelborg 2010). Behovet for spesialundervisning kan også bli synlegare etter kvart som elevane blir eldre.