2 - Fakta om grunnskolen

2.1 Tal på elevar og skolar

Grunnskolens Informasjonssystem

Skolane rapporterer kvart år inn opplysningar til Grunnskolens Informasjonssystem (GSI). GSI inneheld opplysningar om elevtal, årstimar, ressursar, spesialundervisning, språklege minoritetar, målform, framandspråk, fysisk aktivitet, leksehjelp, SFO, valfag og PPT.

Hausten 2016 er det 629 300 elevar ved offentlege og private grunnskolar i Noreg. Til saman er det 2858 grunnskolar, og det er i gjennomsnitt 220 elevar per skole.

Talet på grunnskoleelevar vil auke med tre prosent fram mot 2025

Det er 5500 fleire elevar i 2016 enn på same tid i 2015. Dei siste ti åra har elevtalet vore nokså stabilt på nasjonalt nivå, men det er store skilnader mellom fylka. I Oslo har elevtalet auka med 22 prosent dei siste ti åra, og i Akershus har det auka med 10 prosent. Samstundes har det vore ein nedgang på 15 prosent i Finnmark og 14 prosent i Nordland.

Statistisk sentralbyrå (SSB) ventar at talet på barn i grunnskolealder (6–15-åringar) vil auke til 647 000 i 2025, som er ein auke på 3 prosent frå dagens nivå. Dei ventar at elevtalet vil stige med om lag 5000 elevar dei første åra frå 2016, mens etter 2020 er det venta marginale endringar kvart år (Statistisk sentralbyrå 2016a).

Talet på elevar ser ut til å auke mest i Akershus, Oslo og Rogaland, og det er forventa ein nedgang i Finnmark og Sogn og Fjordane.

Stadig færre og større grunnskolar

Tendensen går mot færre og større skolar i Noreg. I 2016 er det 2858 grunnskolar. Det er 9 færre enn i 2015 og 352 færre enn i 2006.

Hausten 2016 er det i snitt 220 elevar per skole, som er 27 fleire enn for ti år sidan. Det er 172 skolar med 500 eller fleire elevar, og det er over 100 000 elevar som går på desse skolane. For ti år sidan var det 119 skolar med så høge elevtal, og desse skolane hadde om lag 66 500 elevar til saman. Gjennomsnittleg elevtal på dei største skolane har auka frå 558 til 591 elevar.

Samstundes som det blir fleire av dei største skolane, blir det færre av dei minste. I 2006 var det nesten 1200 skolar med under 100 elevar, medan talet i dag er under 900. 30 prosent av skolane har under 100 elevar, men kun 7 prosent av elevane går på dei minste skolane.

Figur 2.1 Skolar fordelte etter talet på elevar ved skolen. 2006-2016. Prosent.

figur-2-1-skolar-fordelte-etter-talet-pa-elevar-ved-skolen-2006-2016-prosent

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

Storleiken på skolane varierer mykje frå fylke til fylke:

  • I Finnmark, Nordland, Troms og Sogn og Fjordane har over halvparten av skolane under 100 elevar.
  • I Oslo har 36 prosent av skolene 500 elevar eller fleire, ein auke frå 20 prosent i 2006.
  • I Finnmark og Troms er det ingen skolar med over 500 elevar.

50 grunnskolar lagde ned

Mellom 2016 og 2017 vart 42 grunnskolar lagde ned. Blant desse var det 37 offentlege skolar og 5 friskolar. Skoleåret 2016-17 vart det oppretta 33 nye grunnskolar, 19 friskolar og 14 offentlege.

Dei siste ti åra er det i gjennomsnitt lagt ned 59 skolar og oppretta 24 skolar årleg. Halvparten av skolene som er lagde ned, hadde færre enn 30 elevar ved skolen det siste året før dei vart lagde ned.

Når grunnskolar blir lagde ned, byrjar som regel elevane i nærmaste offentlege skole. Dette er vanlegare enn at det blir oppretta nye friskolar som erstatning for dei nedlagde skolane. I ein av fire kommunar der det vart lagt ned ein eller fleire offentlege grunnskolar det siste året, vart det oppretta ein ny friskole same skoleåret. Dei nye friskolane hadde i gjennomsnitt 33 elevar, medan dei nedlagde offentlege skolane i snitt hadde 83 elevar.

Dei siste fem åra har det komme 38 nye montessoriskolar. 24 av desse skolane har komme i kommunar der det er lagt ned ein offentleg grunnskole det same året.

Private grunnskolar

Private grunnskolar er anten friskolar godkjende etter friskolelova § 2-1 eller private skolar godkjende etter opplæringslova § 2-12.

Skolar som er godkjende etter friskolelova, har rett til statstilskot. I all hovudsak er private grunnskolar i Noreg friskolar.

Friskolelova slår fast at nye grunnskolar må oppfylle minst eit av følgande grunnlag:

  • livssyn
  • anerkjende pedagogiske retningar
  • internasjonalt
  • særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma
  • norsk grunnskoleopplæring i utlandet
  • særskild profil

Dei skolane som er godkjende etter opplæringslova, må ikkje oppfylle eit spesielt grunnlag, men kvaliteten på opplæringa må tilsvare opplæringa i offentleg skole. Private skolar godkjende etter opplæringslova har ikkje rett til statstilskot.

I Noreg er det ikkje lov å drive private grunnskolar utan at dei er godkjende etter friskolelova § 2-1 eller opplæringslova § 2-12.

Vi bruker nemninga privatskolar på friskolar og private skolar utan statstilskot. Snakkar vi om desse skolene kvar for seg, omtalar vi dei som friskolar eller private skolar utan statstilskot.

Fleire private grunnskolar

Det er i dag 238 godkjende private grunnskolar, og det er 81 fleire enn i 2006.

Nesten 23 000 elevar går på private grunnskolar i dag. Det utgjer 3,6 prosent av alle elevane i grunnskolen, og er ein auke på 1,2 prosentpoeng frå 2006. Private grunnskolar er i gjennomsnitt mindre enn offentlege grunnskolar. I 2016 hadde dei private skolane i gjennomsnitt 95 elevar, medan dei kommunale skolane i gjennomsnitt har 233 elevar.

Dei fleste private grunnskolar er friskolar. Når vi omtalar private skolar, omfattar det både friskolar og private skolar godkjende etter opplæringslova.

Tabell 2.1 Private grunnskolar. 2016. Tal.

Grunnlag for godkjenning friskolar Nye 2016 Totalt 2016
Anerkjend pedagogisk retning 11 110
Livssyn 4 85
Internasjonalt 1 14
Særskild tilrettelagd opplæring for funksjonshemma* 0 4
Dispansasjonsregel 1 2
Profilskole (toppidrett) 2 2
Utan særskild grunnlag** 0 12
Private skolar utan tilskot 0 9
Totalt antall privatskolar i Noreg 19 238
Norsk grunnskoleopplæring i utlandet 0 9
Totalt tal på privatskolar i Noreg og utlandet 19 247

*I tillegg gir to av skolane som er godkjende etter ei anerkjend pedagogisk retning, og ein av skolane som er godkjend på livssynsgrunnlag, også særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma.
** Desse skolane var i drift innan utgangen av 2007, og godkjende før lova kom med krav om grunnlag.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Figur 2.2 Private grunnskolar. 2006-2016. Tal.

figur-2-2-private-grunnskolar-2006-2016-tal

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

5 prosent av elevane i Oslo, Bergen og Trondheim går på privatskole

Prosentdelen som går på private grunnskolar, varierer mellom fylka. Størst prosentdel har Aust-Agder, Oslo og Vestfold, der 5 prosent av elevane går på privatskole eller friskole. Til samanlikning går berre 0,5 prosent av elevane i Sogn og Fjordane på private skolar.

Dei største friskolane ligg stort sett i og rundt dei største byane. I Oslo, Bergen og Trondheim går 5 prosent av elevane på private skolar. Hovudtendensen er likevel at det er få elevar som går på privatskole i Noreg samanlikna med dei andre nordiske landa. I Danmark går 16 prosent av barneskoleelevane og 28 prosent av ungdomsskoleelevane på privatskolar. I Sverige er det også langt fleire elevar som går på privatskole enn i Noreg.

Figur 2.3 Elevar i private skolar fordelte på barne- og ungdomstrinn. 2014-15. Prosent.

figur-2-3-elevar-i-private-skolar-fordelte-pa-barne-og-ungdomstrinn-2014-15-prosent

Kjelde: Eurostat 2017