3.7 Personalressursar og kompetanse

I dag jobbar det 25 700 lærarar i fylkeskommunale vidaregåande skolar. 53 prosent av lærarane er kvinner, men i dei eldste aldersgruppene er det flest menn. 57 prosent av lærarane over 55 år er menn.

Små endringar i utdanninga til lærarane

Det er små endringar i utdanningsnivået blant lærarane dei siste fire åra. Over halvparten av lærarane har lågare universitets- og høgskoleutdanning med pedagogikk. Prosentdelen som har høgare universitets- og høgskoleutdanning med pedagogikk, har auka frå 23 prosent til nær 26 prosent frå 2011 til 2014. I same tidsrom har prosentdelen lærarar som har vidaregåande utdanning, falle frå 8 prosent til 7 prosent.

Figur 3.5 Sysselsette lærarar i vidaregåande opplæring etter kjønn og alder. 4. kvartal 2014. Prosent. 

figur-3-5-sysselsette-laerarar-i-vidaregaande-opplaering-etter-kjonn-og-alder-4-kvartal-2014-prosent

Kjelde: SSB

Figur 3.6 Lærarar etter utdanningsnivå. 2011 - 2014. Prosent.

figur-3-6-laerarar-etter-utdanningsniva-2011-2014-prosent

Kjelde: SSB

Opplysninger om lærere i videregående

Tal for sysselsatte lærarar kjem frå AA-registeret (NAVs arbeidstakar- og arbeidsgjevarregister). Tala om lærarane si utdanning kjem frå SSB. Vi har ikkje tal for lærarer i private vidaregåande skolar.

1 av 5 lærarar manglar pedagogisk utdanning

80 av lærarane som jobbar i vidaregåande skoler har pedagogikk i tillegg til universitets- og høgskoleutdanning. Delen utan pedagogisk utdanning har falt frå 22 til 20 prosent frå 2011 til 2014. Den lågaste delen lærarar utan pedagogisk utdanning finn vi i Finnmark med 15 prosent. I Rogaland og Møre og Romsdal manglar 25 prosent av lærarane pedagogisk utdanning.

I aldersgruppa 56 år og eldre er det flest lærarar med universitets- og høgskoleutdanning med pedagogikk. Dette gjeld 84 prosent av lærarane i denne aldersgruppa. Det er òg fleire kvinner enn menn som har pedagogikk i tillegg til høgare utdanning. Desse tala seier ikkje noko om forskjellar på studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram. Ei ny undersøking tyder på at det er færre av lærarane som berre underviser på yrkesfag som har fullført lærarutdanning (inkludert PPU), enn blant dei som berre underviser på studiespesialiserande (Aamodt mfl. 2016:19).

Figur 3.7 Delen sysselsette lærerar i vidaregåande opplæring utan pedagogisk utdanning. 4. kvartal 2014. Prosent.

figur-3-7-delen-sysselsette-laererar-i-vidaregaande-opplaering-utan-pedagogisk-utdanning-4-kvartal-2014-prosent

Kilde: SSB