3.6 Vaksne i vidaregåande opplæring

Realkompetansevurdering

Realkompetansevurdering vil seie å vurdere kompetansen til den enkelte deltakaren ut frå læreplanane i dei aktuelle faga. Kompetansen kan deltakaren ha fått gjennom utdanning, lønna eller frivillig arbeid, organisasjonserfaring, fritidsaktivitetar eller på annan måte. Alle vaksne som har rett til vidaregåande opplæring, har også rett til å bli kompetansevurderte. Vurderinga kan mellom anna føre til avkorta opplæring eller opptak til studium. Utdanningsdirektoratet har utarbeidd retningslinjer for realkompetansevurdering for å sikre ein einskapleg og lik praksis i fylkeskommunane.

Vaksne som har fullført grunnskolen, men ikkje vidaregåande opplæring, har rett til gratis vidaregåande opplæring. Denne retten gjeld frå og med det året den vaksne fyllar 25 år.

Fleire vaksne i vidaregåande opplæring

Talet på vaksne i vidaregåande opplæring har auka dei siste åra. I 2014 var det nærmare 23 800 vaksne lærlingar, lærekandidatar, praksiskandidatar og deltakarar i skole. Den største gruppa er deltakarar i skole. Det er også her auken frå 2011 har vore størst.

Ein praksiskandidat er ein privatist i yrkesfag, som ikkje er deltakar i vidaregåande opplæring utover å ta eit fag- eller sveinebrev. Praksiskandidatane er likevel med i oversynet for å visa mengda vaksne som oppnår formell kompetanse på vidaregåande nivå.

2800 deltakarar vart realkompetansevurdert i 2014

Undervisningstilbodet til vaksne kan vere komprimert, og som resultat av ei realkompetansevurdering kan opplæringa også bli korta ned. I 2014 blei 2800 deltakarar realkompetansevurdert før dei starta opplæringa. Det er nesten 200 fleire enn i 2013. Dei fleste som blir realkompetansevurderte går på yrkesfag.

Tabell 3.5 Deltakarar i vidaregåande opplæring som er 25 år eller eldre. 2011 til 2014*. Tal.

2011-12 2012-13 2013-14 2014-15
Lærlingar og lærekandidatar 3 628 3 666 4 085 4 230
Praksiskandidatar 7 193 6 504 7 894 7 974
Deltakarar i skole 8 526 10 835 10 681 11 547
Totalt 19 347 21 005 22 660 23 751

Kjelde: SSB og Utdanningsdirektoratet

* Siste tilgjengelege tal er for 2014