3.5 Spesialundervisning i vidaregåande opplæring

På same måten som i grunnskolen har elevar som ikkje har tilfredsstillande utbyte av det ordinære opplæringstilbodet, rett til spesialundervisning. Retten gjeld òg lærekandidatar, men ikkje lærlingar. Det står meir om spesialundervisning i kapittel 2.

På vidaregåande kan elevar få spesialundervisning innanfor eit ordinært opplæringsløp, innanfor eit tilrettelagt eller alternativt opplæringsløp i skole, eller innanfor opplæring i bedrift.

5800 elevar i vidaregåande opplæring får spesialundervisning

I skoleåret 2014-15 hadde 3 prosent av elevane i vidaregåande opplæring enkeltvedtak om spesialundervisning. Dette er både elevar med mål om full kompetanse og ordinært vitnemål, og elevar med mål om kompetanse på eit lågare nivå enn full yrkes- eller studiekompetanse, såkalla planlagd grunnkompetanse. Tala indikerer at det er mindre spesialundervisning i vidaregåande opplæring enn i grunnskolen. Prosentdelen elevar med spesialundervisning varierer frå 1,6 til 4,3 mellom fylka.